Retningslinjer for refusjon av reiseutgifter i praksis, lærarutdanningane

Eigendel
Prinsippet for dekking av reiseutgifter er at studenten skal få tilskot til meirutgifter ved reiser i praksisperiodane. Eigendel på daglege reisekostnader er kr. 70,- per dag. Ved avtalt bruk av privatbil skal passasjerane betale ein halv eigendel per dag til sjåfør.

Daglege reiseutgifter i praksisperiodane
Studentane kan få dekka meirutgifter, høgare enn eigendelen, til buss, privatbil og ferje til praksisstaden. Studentane får berre dekka kostnader til den rimelegaste reisemåten, og dei skal nytte rabattordningar.
Når offentleg transport ikkje kan nyttast, t.d. dersom det er dårleg eller manglande bussamband, skal det gjerast avtale om løyve til å bruke eigen bil før praksisperioden tek til. Denne avtalen skal studentane gjere med ansvarleg for praksis ved utdanninga. Ved bruk av privatbil skal studentane så langt som råd køyre samla i ein bil. Taksten for reise til og frå er kr 2.50 per km + kr 0,25 per km for kvar passasjer.


Utfylling og levering av skjema

Studentane må laste ned skjema, fylle ut, og levere skjema til ansvarleg for praksis seinast ei veke etter praksis er avslutta. Skjema kan scannast (eventuelt ta bilde) og leverast digitalt, eller i papirformat. 

Skjema til nedlasting og utfylling finn du her:

Reiserekning ved bruk av eigen bil

Ta kontakt med ansvarleg for praksis ved di utdanning dersom du har spørsmål.