Eg er tilsett på HVO

Kven gjer kva?

Praksisoppfølgar/faglærar

  • Alle studentar får tildelt ein faglærar som skal ha eit ekstra ansvar for studenten i praksisopplæringa, ein praksisoppfølgjar.
  • Praksisoppfølgar har eit ansvar for at praksisutbyttet vert så godt som mogleg for studenten. Praksisoppfølgar skal sjekke at studenten får veiledninga studenten har krav på, bidra med eigen rettleiing og undervisning og ellers vere tilgjengeleg for studenten i praksisperioden.
  • I løpet av praksisperioden skal praksisoppfølgar besøke studenten på praksisskulen. Untaksvis kan praksisoppfølginga skje digitalt, men så langt det er mogleg bør det vere eit fysisk møte.
  • I etterkant av praksisoppfølginga skriv praksisoppfølgaren ein kort rapport. Rapporten lastast opp som ein kommentar til sluttvurderinga i Canvas. Lenke til rapporten finn ein under "skjema til bruk for praksisoppfølgar" litt lenger ned på denne sida.

Praksiskoordinator

Har ansvar for å organisere studentane sin praksis, og er den som har den overordna kontakta med praksisskular og praksislærarar. Praksiskoordinatoren er også den som har den primære kontakta med studenten i praksis, om det dukkar opp praktiske spørsmål knytt til gjennomføring av praksis. Det er også praksiskoordinator som sørgar for at alle studentar får ein praksisoppfølgar. Ved tvil om studenten skal stå i praksis har praksiskoordinator det overordna ansvaret for å samle all relevant informasjon frå praksislærer, praksisoppfølgar og andre og til slutt treffe ei avgjersle om vurderinga i praksisemnet.

 

Ansvarleg for praksis på grunnskule, kulturskule og folkehøgskule:

Carien Lærum, epost carien.laerum@hivolda.no tlf 70 07 53 97

Ansvarleg for praksis på vidaregåande og i utlandet:

Torstein Drabløs, epost torstein.drablos@hivolda.no  tlf 70 07 53 52

Fasar av praksisoppfølginga

Forventningssamtale

Før første praksisperiode  kallar praksisoppfølgjar inn til ein samtale (fysisk/digitalt) med studenten (individuelt/gruppe). Innhaldet i samtalen kan vere:

  • Kva ventar studentane å lære i praksis?
  • Rolla som praksisstudent?
  • Kva ventar studentane av praksiskulen?
  • Kva er studentane urolege for?
  • Kva gler studentane seg mest til?

Tidsbruk: 10-15 min

Praksisoppstart

Første veka i praksis tek studenten kontakt med praksisoppfølgar. Praksisoppfølgar skal då:

  • Avtale tid for praksisoppfølging.
  • Sjekke ut at det går greitt.
  • Er timeplanen klar?
  • Får studenten rettleiing?

Tidsbruk:10 min

Praksisoppfølging

Omtrent midt i praksis kjem praksisoppfølgar på praksisbesøk. Untaksvis kan dette gjennomførast digitalt, men innhaldet i praksisoppfølginga skal vere den same. Praksisoppfølgar skal då:

 

  • Vurdere planleggingsdokument.
  • Observere studenten i møte med elevar. (Obs! også ved digital praksisoppfølging! Praksiskontoret er behjelpeleg med å finne egna tekniske løysningar.)
  • Samtale med student og praksisrettleiar.
  • Individuell samtale med student.
  • Individuell samtale med praksisrettleiar.
  • Samtale om midtvegsvurdering og evt. fare for ikkje bestått.

Tisdbruk: ca 2 timar + reise

Skikkavurdering

Ei viktig oppåve for alle som jobbar med PPU-studentar er å sikre at dei som uteksamineres er skikka til yrket som lærar. Ansvaret for skikkavurderinga er såleis fordelt over alle som er i kontakt med studenten i løpet av studiet. Ein student som utgjer ei mogleg fare for barnehageborn, elevar, pasientar, klientar og brukerar sitt liv, fysiske og psykiske helse, rettar og sikkerheit, er ikkje skikka for yrket. Er du i tvil om ein student er skikka for yrket, ta kontakt med enten praksisansvarleg eller skikkansvarleg ved HVO.

Meir informasjon om skikkavurdering ved HVO finn du her.

Skjema til bruk i praksis for praksisoppfølgar

Rapport frå praksisoppfølgar PPU

Rapport frå praksisoppfølgar PPU

Den fagtilsette frå HVO fyller inn denne rapporten etter praksisoppfølginga. Rapporten skal lastast opp som ein kommentar til studentens sluttvurdering etter endt praksisperiode i Canvas.

Sluttrapport for praksis

Praksislærar (altså ikkje den fagtilsette ved HVO) fyller ut Sluttrapport for praksis etter endt praksisperiode. Det same skjema skal nyttast som utgangspunkt for midtvegsvurderingen. Sluttrapporten skal signerast av studenten som deretter sjølv lastar den opp i Canvas.

Planleggingsskjema

Studenten skal planlegge alle økter skriftleg i god tid før undervisninga. Vi tilrår å nytte dette planleggingsskjema som tek utgangspunkt i den didaktiske relasjonsmodellen.

Varsel om fare for å få karakteren ikkje greidd i praksis

Dersom praksislærar eller praksisoppfølgar er i tvil om studenten vil bestå praksisperioden skal det snarast råd fyllast ut eit varsel om fare for å få karakteren ikkje greidd i praksis. Dette for at studenten skal få ein mogelegheit til å gjere dei endringane som trengst for å stå i praksis. Det er difor viktig at studenten gjeras godt kjent med grunngjevinga for varselet og kva studenten må gjere i det som er att av praksisperioda. Ta også kontakt med praksiskoordinatorane for vidare dialog.

Kontakt

Har du fleire spørsmål om PPU er du velkomen til å ta kontakt med ein av oss; 
Kathrine Skarseth, studieleiar, epost kathrine.skarseth@hivolda.no tlf 70 07 51 29
Torstein Drabløs, praksiskoordinator, epost torstein.drablos@hivolda.no  tlf 70 07 53 52
Carien Lærum, praksiskoordinator, epost carien.laerum@hivolda.no tlf 70 07 53 97