Eg er tilsett ved ein praksisskule

Praksis forutsett eit tett og godt samarbeid mellom fleire aktørar, både innanfor eigen arbeidsplass og mellom HVO og praksisskulane. Som ledd i dette samarbeidet er det viktig at alle veit kva dei har ansvar for og kva som kan forventast av partane. Vi håper difor at informasjonen på denne sida vil vere til hjelp til å få oversikt over nettopp dette. Er det noko du saknar, eller lurar på så ikkje nøl med å ta kontakt!

Kven gjer kva?

Eg er praksislærar

Praksislærar er den viktigaste aktøren for å sikre at studenten får ei utbytterik og lærerik praksisperiode. 

  • Praksislærar skal la studenten observere seg dei første timane i kvart fag.
  • Praksislærar skal gje studenten systematisk før- og etterrettleiing. Tida som blir sett av til rettleiing skal vere lik 1/3 av tida studenten tar over undervisninga.
  • Praksislærar skal hjelpe studenten å reflektere over eiga rolla, både gjennom undervegsvurdering, men også gjennom ettervurdering av praksis. Det er viktig at praksislærer gir studenten tydlege framovermeldingar om korleis studenten kan forbetre seg i lærarrolla.
  • Praksislærar skal oppmuntre, støtte og gje spelerom. Dette er viktig for at studenten skal oppleve mestring og glede, sjølv om det ikkje er feilfritt eller perfekt.
  • Praksislærar skal vere med og legge til rette for at studenten også får observert anna undervsining enn dei fastsette 8-12 praksisøktane. Dette kan vere både praksislærar, andre lærarar og andre praksisstudentar sine egne timar
  • Halvvegs i praksisperioden skal praksislærar ha ein midtvegsvurdering med studenten. I denne samtalen skal ein gå gjennom sluttvurderingsskjema med studenten.
  • Praksislærar skal melde frå dersom det er tvil om stått praksis.
  • Praksislærar skal melde frå dersom det er tvil om studenten er skikka til læraryrket.
Eg er rektor

Rektor er den som har det faglege ansvaret for at praksisopplæringa på skulen har god kvalitet.Ved nokre skular har rektor utpeika ein praksiskoordinator til delar av dette arbeidet.

  • Rektor/praksiskoordinator har ansvaret for å ta i mot studentane ved praksisoppstart og å avslutte praksisperoda på en tenleg måte.
  • Rektor/praksiskoordinator ved skulen skal sørge for at praksislærarane får rammevilkår som gjer at dei kan gjennomføre arbeidet sitt på ein god måte.
  • Rektor/praksiskoordinator ved skulen er rådgjevar i praksislærar sitt arbeid og skal følgje opp studentar både med informasjon om skulekultur/organisasjon, og forhøyre seg individuelt med studentane om korleis det går i praksis.

Praksis 1 og 2 for (PPUA og PPUY)

Sluttrapport for praksis

Praksislærar fyller ut Sluttrapport for praksis (PDF) og (Word) etter endt praksisperiode. Sluttrapporten skal signerast av praksislærar, rektor og studenten, som deretter sjølv lastar den opp i Canvas.

Det same skjemaet skal nyttast som utgangspunkt for midtvegsvurderingen, men denne skal ikkje leverast inn.

Varsel om fare for ikkje greidd praksis

Dersom praksislærar eller praksisoppfølgar er i tvil om studenten vil bestå praksisperioden skal det snarast råd fyllast ut eit varsel om fare for å få karakteren ikkje greidd i praksis. Dette for at studenten skal få ein mogelegheit til å gjere dei endringane som trengst for å stå i praksis. Det er difor viktig at studenten gjeras godt kjent med grunngjevinga for varselet og kva studenten må gjere i det som er att av praksisperioda. Om ein er i tvil kva som kan forventast av studenten i praksis er det berre å ta kontakt med praksisansvarleg ved HVO eller den som er praksisansvarleg ved din arbeidsplass. Merk at varselet ikkje skal sendast på e-post, men i posten eller overleverast personleg.

Lønsinformasjon praksislærar PPU

Andre praksisperioder og informasjon

Observasjonspraksis

  • På PPU har alle studentar 2 dagar observasjonspraksis i praksisemne 1. Desse dagane skal studentane observere lærarar i undervisningssituasjonar. Målet med praksisen er å få betre kjennskap til lærarrolla og ellers førebu studentane til undervisningspraksisen. Observasjonspraksisen skal vere ei øving i observasjon som metode, slik at studentane seinare kan bruke dette for å forbetre eigen praksis.
  • Studentane følgjer ei klasse/elevgruppe på skulen i ulike fag gjennom to heile dagar (dei skal altså ikkje følge same lærar i alle timane).
  • Observasjonen blir gjennomført i grupper som blir sett opp av praksiskontoret ved HVO. For deltidsstudentar som bur langt frå andre studentar kan observasjonen gjennomførast individuelt etter avtale med praksiskontoret. For å sikre fleksibilitet gjer deltidsstudentar sjølve avtaler med skular og lærarar om observasjon, men rektor/praksisansvarleg ved skulen sender en mail til praksisansvarleg ved HVO om kven som skal ha observasjonspraksis hjå dei. 
  • For studentar på PPUA skal observasjonen vere på 5.-13. trinn. For studentar på PPUY skal observasjonspraksisen vere på yrkesfag på vidaregåande. . 
  • I pedagogikkemne 1 ligg det eit arbeidskrav knytt til denne observasjonen.
  • I didaktikkemne 1 blir observasjonane brukte som grunnlag for refleksjon og diskusjon i undervisninga. 
10 dagars ungdomsskulepraksis for PPUY

PPU yrkesfagsstudentar skal ha 10 dagars praksis på ungdomsskule. I løpet av desse dagane skal du observere undervisninga, men om det er greit for deg og praksislærar kan du gjerne prøve å undervise noko også. Du blir sjølv enig med praksislærar kva for fag du skal delta i, men det vil vere ein stor fordel om de finn fag som passar med din fagbakgrunn.

I dei nasjonale retningslinjene for PPUY står det:

Hensikten med denne praksisen er todelt, for det første skal studentene bli kjent med utdanningstrinnet, dens egenart, elevene og deres kultur. Dette skal bidra til at studentene får erfaringsbasert kunnskap om overgangen mellom skolenivåene og blir bedre rustet til å kjenne til og forså elevmangfoldet. For det andre skal skolen og andre samarbeidspartnere kunne benytte seg av yrkesfaglærerkompetansen som en nødvendig og relevant kompetanse inn mot skolens fag, herunder også valgfag og utdanningsvalg.

Her finn du avtaleskjema som skal fyllast inn før start på praksisperioden og sluttraport som skal fyllast ut av praksislærar etter utført praksisperiode.

Avtaleskjema for ungdomsskulepraksis for PPU-Y

Sluttrapport for ungdomsskulepraksis PPUY

Merk at lønsutbetalinga for 10 dagars ungdomsskulepraksis er annleis enn vanlig praksis. Meir informasjon om det under "lønsinformasjon praksislærar PPU"

Skikkavurdering

Ei viktig oppåve for alle som jobbar med PPU-studentar er å sikre at dei som uteksamineres er skikka til yrket som lærar. Ansvaret for skikkavurderinga er såleis fordelt over alle som er i kontakt med studenten i løpet av studiet, også i praksis. Ein student som utgjer ei mogleg fare for barnehageborn, elevar, pasientar, klientar og brukerar sitt liv, fysiske og psykiske helse, rettar og sikkerheit, er ikkje skikka for yrket. Er du i tvil om ein student er skikka for yrket, ta straks kontakt med praksisansvarleg ved HVO.

Meir informasjon om skikkavurdering ved HVO finn du her.

Emneplanar for praksis

PPU-PRA1 Praksis 1

PPU-PRA2 Praksis 2

PPUD-PRA1 Praksis 1

PPUD-PRA2 Praksis 2

PPUY-PRA1 Praksis 1

PPUY-PRA2 Praksis 2

Kontakt

Har du fleire spørsmål om PPU er du velkomen til å ta kontakt med ein av oss; 
Kathrine Skarseth, studieleiar, epost kathrine.skarseth@hivolda.no tlf 70 07 51 29
Torstein Drabløs, praksiskoordinator, epost torstein.drablos@hivolda.no  tlf 70 07 53 52