Eigedom

Driftsavdelinga legg til rette for den daglege drifta ved HVO. Dette inneber administrasjon av inngangskort, reinhald, kjeldesortering og vedlikehald av utstyr som HVO eig.

Treng du hjelp med følgjande?

Opningstider på Campus

Ytterdører er opne måndag-fredag 07.00-17.00
Utanom desse tidene må studentar og tilsette opne med kortet sitt

Laurdag, Søndag og helligdager, studentar og tilsette må opne dørene med kortet sitt.

Tilgang studentar

Tilgangskort

Tilgangskort for studentar kan bestillast frå den dagen du aktiverar brukarkontoen din ved HVO, typisk ved studiestart. Sjå https://www.hivolda.no/IT-Tenester/min-konto for å bestille. Når du bestiller nytt kort så vil det gå ei bestilling til Eigedom, og dei vil produsere korta etterkvart. Kortet ditt kan hentast i Studentsørvis i Berte Kanutte-huset etter at du har bestilt. Merk at det kan ta inntil to dagar å produsere det, men vi gjer vårt beste for å ha det klart tidlegare.

Alle HVO-studentar har ein basis-tilgang i kortet, dvs. alle dei store husa og fellesområda 24 timar i døgnet 7 dagar i veka. Dei som studerer eit emne der undervisninga går føre seg i spesialrom får tilgang til disse.

Kortet ditt er gyldig så lenge du studerar ved HVO. Ta kontakt med Studentsørvis for tapt eller øydelagt tilgangsskort.

Endre PIN kode
1. Gå til https://konto.hivolda.no og velg Min konto
2. Logg inn med Feide, og velg Lag eller byt PIN-kode
3. Skriv inn koda og klikk på Lagre PIN

Tilgang tilsette

Eigedom administrerer inngangskort for dei tilsette. Det er to alternative nøklar: tilsettkort eller app på mobil.  Tilsette kan kontakte eigedom ved tapt nøkkel eller nytilsetting.

Kjeldesortering

Kjeldesortering er ein del av Miljøfyrtårn-arbeidet ved Høgskulen i Volda. Vi legg til rette for kjeldesortering ved miljøstasjonar på alle bygg som bli tømt på vekedagar. Gi beskjed til oss ved farleg avfall eller dersom det er behov for ekstra tømming.  

Reinhald

Reinhaldet ved HVO er basert på Norsk standard for reinhald, INSTA 800, og det er faste reinhaldsintervall ved Høgskulen. Fellesareal blir reingjort kvar dag, og kontor ein dag i veka. Alle er ansvarlege for å halde kontora sine ryddige slik at reinhaldarane kjem til. Reinhaldaren ryddar ikkje på kontora, så det skal vere minimum A4-flater ledig for at ei flate blir reingjort. Ved behov for ekstra reinhald eller reinsing kan eigedom kontaktast gjennom administrasjonssjef på avdelinga.  

Inneklima

Statsbygg er ansvarleg for ventilasjonen på bygga, og at temperaturen er innanfor normal temperatur for kontor. Normal temperatur for kontor er 21-26 grader. Det anbefalast å kle seg etter utetemperatur sidan varmeanlegget kan ha ei viss forseinking. Dersom temperaturen på kontoret fråviker frå dette, kontakt eigedom. Eigedom vil då gjennomføre ei temperaturmåling på kontoret for å sjå om det bør iverksetjast tiltak.  

Kopipapir

Dersom det er tomt i kopimaskina kan ein fylle på kopipapir sjølv etter instruksjon på maskina. Send e-post til Eigedom dersom det er tomt for kopipapir på kopirommet. 

Leige av lokale

Lokala ved HVO er vanlegvis brukte til undervisingsformål måndag - fredag kl. 08 - 16. På kveldstid og i helgar er ein del av lokala ledige og kan brukast til andre formål.

Sjå nærmare informasjon

Parkering

Besøksadresse til Høgskulen i Volda er Joplassvegen 11. Parkering skal skje på anviste plassar på campus eller i kjellaren på Volda Campus Arena. Det er ikkje lov å parkere utanfor hovudinngangar då dette kan stenge for utrykkingskøyretøy ved behov. Meir informasjon

Drift av HVO sitt inventar

Under dette inngår drift av HVO sitt inventar som oppvaskmaskiner, kaffemaskiner og drikkevasskjølere. Dersom dette er øydelagt må de ta kontakt med Eigedom
Dersom førespurnaden gjeld IT-utstyr som AV-utstyr, datautstyr og kopimaskiner er det IT som skal kontaktast.
 

Sykkelparkering

HVO har kameraovervåka sykkelhotell for parkering av syklar. Tilgangsskort som brukar hotellet blir registrert. Dette for å ivareta sikkerheita og unngå tjuveri. Finn fram til sykkelhotellet.

Reglar for plakatoppslag og informasjon

Ta kontakt med studentparlamentet.

Finne fram på høgskuleområdet

Vi anbefalar alle å laste ned appen Mazemap der ein finn praktisk kart over høgskuleområdet. 

Her kan du lese meir om høgskuleområdet.

Røyking på campus

Frå 1. juli 2014 var det nye reglar for røyking på Campus.
Bakgrunn er endring i tobakksskadelova § 25 der det er krav om at utandørs inngangsparti til offentlege verksemder skal vere røykfrie. Statsbygg sine eigedommar er røykfrie.

Reglane for røyking er:

  • Det er ikkje lov å røyke innadørs.
  • Alle inngangsparti er røykfrie.
Hund/husdyr

Sjå personalhandboka

Ta kontakt med:

For henvendelsar etter kl 16:00 eller for å kome i direkte kontakt med nokon på avdelinga, sjå oversikt over dei tilsette.