Kommunikasjon
Vi skal legge til rette for intern og ekstern kommunikasjon ved Høgskulen i Volda.
Oppgåver
- Strategisk rolle: Kommunikasjon har eit overordna ansvar for utvikling av høgskulens kommunikasjonsstrategi og for høgskulens kommunikasjon med samfunnet
- Studentrekruttering: Overordna ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av studentrekruttering til alle studietilbod
- Nettsidene og sosiale media: Overordna redaktøransvar, rettleiing og opplæring i kommunikasjon i relevante kanalar
- Trykte media: Forvalting av grafisk profil, rettleiing ved bestilling og utforming av annonsar, produksjon og rettleiing ved produksjon av trykksaker
- Hendingar: (messer, konferansar og seminar): Støtte til gjennomføring av interne og eksterne arrangement for studentrekruttering, FoU og profilering av HVO
- Profilering: Produksjon av og rettleiing i bruk av profileringsartiklar
- Mediekontakt: Rettleiing i kontakt med media, utarbeiding av pressemeldingar og pressekonferansar, kartlegging av medieomtale av HVO
- BOA-koordinator. Tett samarbeid med BOA-ansvarlege ved avdelingane
Høgskulen i Volda driv sitt informasjonsarbeid i samsvar med statleg kommunikasjonspolitikk.
For spørsmål om innsyn, send e-post til postmottak@hivolda.no