Kjøp av tenester frå sjølvstendig næringsdrivande

Avklaring av tilknytningform

Før ein leverandør gjer avtale om ei teneste for Høgskulen i Volda (HVO) mot betaling, skal leverandøren avklare med sin kontaktperson på høgskulen om det ligg føre 

•    eit tilsetjingstilhøve (tilsetjingsavtale)
•    oppdragstakartilhøve (skjema/kontrakter/timelister)
•    avtale med anna næringsverksemd/enkeltpersonføretak (bestilling/faktura)

Tilknytningstilhøvet skal avklarast før signering av kontrakt då det vil kunne gi utslag ved fastsetjing av storleiken på løn/godtgjersle, sjukepengar, feriepengar, forsikring m.m. 

Informasjon og vurdering av tilknytningsform

Avklaring av tilknytningstilhøvet skjer gjennom utfylling av eit vurderingsskjema, og det er ein fordel at kontraktspartane saman fyller ut vurderingsskjemaet i samband med kontraktsigneringa slik at partane er einige om rammene.

Meir detaljert informasjon på Personal- og Dokumentforvaltning sine sider om Kontrakter/oppdragstakar.

Vurderingsskjema ved kjøp av tenester - lønn eller næring

Kontrakt med sjølvstendig næringsdrivande

Vurderingsskjema og faktura

Konkluderer partane med at tenesta er løn til oppdragstakar skal partane følgje Personal- og Dokumentforvaltning sine rutinar for kontraktsutfylling. Avdelingsadministrasjonen syter for kontering, attestasjon og tilvisning. Lenke: Kontrakter/Oppdragstakar.

Dersom partane landar på næring, og leverandør er sjølvstendig næringsdrivande, skal vurderingsskjemaet leggjast ved tilvist faktura. 

Tenesta som er levert skal fakturerast inkl. evt. reisekostnader, da reiserekning ikkje skal leverast i tillegg til faktura. Næringsdrivande har ikkje høve til å kjøpe flybillettar, hotellopphald osb. for  Høgskulen i Volda si rekning.

Dersom HVO har kjøpt tenester frå ein utanlandsk næringsdrivande skal fakturanummer, lokalt organisasjonsnummer/skattenummer e.l. gå fram av fakturaen. 

Faktura sendast i EHF-format, sjå kontaktinformasjon

Rapportering til skatteetaten

HVO er pliktig til å rapportere fakturert beløp eks. mva for kjøp av tenester frå sjølvstendig næringsdrivande utan fast forretningsstad. Årsoppgåvene blir sendt pr post. Vi viser til informasjon på skatteetaten sine sider:
Betalinger til selvstendig næringsdrivende - Skatteetaten

Dersom kjøpet gjeld godtgjering for åndsverk skal HVO rapportere utbetalt beløp eks.mva. 
Godtgjøring til opphaver til åndsverk - Skatteetaten