Sakkunnig vurdering
Tilsetting i undervising – og forskarstilling krev sakkunnig vurdering. Ikkje først og fremst for å vurdere kva stillingskategori søkjarane høyrer til, slik som ved opprykk, men for å vurdere kven som er best kvalifisert til å utføre arbeidsoppgåvene basert på vitskapleg og pedagogisk kompetanse.
Som medlem av sakkunnig utval ved Høgskulen i Volda finn du her informasjon til hjelp med arbeidet.
Krav til sakkunnig vurdering.
Den sakkunnige vurderinga de utarbeider vil vere ein del av grunnlaget når instituttleiar skal innstille før tilsetting. Instituttleiar vil og legge vekt på opplysingar som kjem fram i intervju, referansesjekk og prøveundervising.
Den sakkunnige vurderinga må gjerast ut ifrå krava til stillinga i utlysingsteksta og krava til dei ulike stillingskategoriane i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.
Som de vil sjå av forskrifta, er det slik at søkjarar til stilling som førsteamanuensis berre skal vurderast og ikkje rangerast på bakgrunn av pedagogisk kompetanse. Dersom det er presisert i utlysingsteksta at ein skal vektlegge pedagogisk basiskompetanse, skal de rangere søkarane også på bakgrunn av dette.
Høgskulen har retningslinjer for sakkunnige vurderingar og mal for pedagogisk basiskompetanse for førsteamanuensis, du finn lenke til desse under.