Sikker Digital Post

 

Høgskulen i Volda (HVO) vil gjerne sende brev til di digitale postkasse i staden for på papir. Her får du vite meir om kvifor - og korleis.

 

Kvifor bør du ha digital postkasse?

I motsetnad til e-post, er digital postkasse ein trygg og sikker måte å sende brev i digital utgåve. Skaffar du deg digital postkasse vil du sjå at stadig fleire offentlege verksemder vil sende post dit. Alle offentlege etatar, som til dømes HVO, er pålagde å bruke digital kommunikasjon som primær kanal frå 2016.

Alt på ein stad

All post til deg frå ulike offentlege etatar vert liggande samla på ein stad, i di digitale postkasse. Denne når du via ei nettside eller via ein app. Dermed har du har lett tilgang til det du får tilsendt – uavhengig av folkeregistrert adresse, semesteradresse eller om du oppheld deg i utlandet.

Kjapt og sikkert

Du får posten din raskare fordi du slepp å vente på postgang. Digital postkasse er ei sikker løysing for alle type brev og dokument. Breva ligg lagra så lenge du ønsker det.

Bra for miljøet

Det offentlege sender ut 40 millionar brev i året, noko som er papir nok til å dekke eit område på storleik med Grønland. I tillegg er det pengar å spare - kutt i utgifter til papir og porto kan til dømes finansiere 655 lærarstillingar.

Opprett digital postkasse på 1-2-3

  1. Finn fram din elektroniske ID. Dette er til dømes BankID eller MinID. Har du ikkje elektronisk ID enno bør du skaffe deg dette, då det er inngangen til mange tenester på nett. Slik skaffer du deg elektronisk ID.
  2. Velg postkasse. På norge.no finn du oppskrift på korleis  du opprettar di digitale postkasse. Du veljer kva for ei av dei to digital postkassene som passar deg best – Digipost eller e-Boks.
  3. Opprett postkasse. Registrer e-post, mobilnummer og lag eit passord for den postkassa du veljer.

Last ned app

Begge leverandørar av digital postkasse har appar for telefon og nettbrett slik at du enkelt får tilgang til posten din uansett kvar du oppheld deg.

Kva skjer om du ikkje skaffar deg digital postkasse?

Utan ei digital postkasse vil du måtte logge inn på ulike etatar sine nettsider og løysingar for å lese viktige brev digitalt, eller du vil få brev på papir. Frå HVO vil du få papirbrev om du ikkje har digital postkasse. Du kan også reservere deg mot digital post, du reserverer deg via norge.no.

SEND POLITIATTEST I DIGIPOST TIL HVO

Høgskulen i Volda har no lagt til rette for at studentar, tilsette og andre kan sende brev inn til Høgskulen med sikker digital post (Digipost). Høgskulen i Volda er den første statlege høgskulen eller universitet som har lagt til rette for at studentar, tilsette og andre kan sende brev inn til høgskulen med sikker digital post (Digipost). Det betyr at studentar og tilsette som vil sende sensitive dokument som politiattestar og legeattestar no kan bruke Digipost i staden for vanleg e-post. Om du vil sende brev til Høgskulen i Volda via Digipost så finn du oss ved å skrive inn «Høgskulen i Volda» eller organisasjonsnummer 974809672 i mottakarfeltet inne i Digipost.