Kvinnedagen 8. mars
Det er mange tilsette ved Høgskulen i Volda som forskar på kvinner, kjønn og mangfald. Nedanfor har vi samla nokre av dei i ei ekspertliste. Her finn du forskarar som kan svare på spørsmål i saker knytte til kvinnedagen 8. mars.
Rus:
Silje Louise Dahl, professor, Institutt for sosialfag
kvinner og rusmiddelbruk
Kristine Vaadal, førsteamanuensis, Institutt for sosialfag
rusbruk/alkoholkultur og kjønn
Drama:
Wenche Torrissen, professor, Seksjon for drama og teater
kvinner i teaterhistoria | kvinner sine erfaringar frå teater i psykisk helsearbeid
Pedagogikk:
Elin Førde, stipendiat
kjønn i barnehagen
Politikk:
Bjarte Folkestad, professor, Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag
kvinner og lokalpolitikk | kvinner og demokratisk representasjon
Litteratur:
Marie Nedregotten Sørbø, professor, Institutt for språk og litteratur
kvinnelege forfattarar i fortida | kvinner i litteraturhistoria
Jan Inge Sørbø, professor, Institutt for sosialfag
kvinner i den litterære kanon
Yasemin Hacioglu, førsteamanuensis, Institutt for språk og litteratur
feministisk litteratur: filosofiar om kognisjon, følelsar og «agency» | representasjonar av kjønnsbasert vald
Historie:
Elisabeth Teige, førstelektor, Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag
kvinnehistorie generelt | demokrati og kjønn | lærarinner og fredsarbeid i mellomkrigstida
Trudi Henrydotter Eikrem, førstelektor, Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag
lokal kvinnehistorie
Kari Aslaug Hasle, høgskulelektor, Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag
kvinnehistorie og kjønnshistorie i ein norsk kontekst
Akademia:
Helga Synnevåg Løvoll, professor, Idrett og friluftsliv
erfaringar som kvinneleg akademikar og rollemodell innanfor eit mannsdominert fagfelt
Henriette Hafsaas, forskingssjef
kvinner i forsking ved Høgskulen i Volda | strukturelle utfordringar for ein akademisk karriere for kvinner