Institutt for språk og litteratur

Institutt for språk og litteratur har ansvar for fagområda norsk og engelsk og har eit breitt og fleksibelt studietilbod både på nett og på campus. Forutan å ha ansvar for fagområda engelsk og norsk i lærarutdanningane tilbyr instituttet halvårsstudium, årsstudium og fordjupingsstudium og bachelorgrad i språk og litteratur. I tillegg har instituttet ansvar for mastergrad i skriftkulturar og delansvar for master i undervisning og læring. Instituttet har også eit stort etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar og eit eige norskstudium for utanlandske studentar (NIS). Sjå fagtilboda ved Institutt for språk og litteratur i studiekatalogen.

Instituttet har om lag 40 tilsette og er delt i tre seksjonar: Seksjon for engelsk, Seksjon for norsk i lærarutdanningane (NLU) og Ivar Aasen-seksjonen for språk, litteratur og kultur.

Instituttleiar: Hjalmar Eiksund. Seksjonsleiarar: Kim-Daniel Vattøy (Engelsk), Ingrid Løvik Saure (NLU), Brage Egil Herlofsen (Ivar Aasen-seksjonen)