Seanse

Seanse – senter for kunstproduksjon arbeider for at alle barn og unge skal ha moglegheit til å oppleve og uttrykke seg gjennom kunst. Dei arrangerer kunstnaropphald, kunstverkstad, webinar/seminar, konferanse og kunstnartreff. Dei er samlokalisert på Høgskulen i Volda og finansiert av Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet via Norsk kulturråd og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Seanse starta som prosjektet «Prøvekluten» i 2004, eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Høgskulen i Volda. «KunstVerket» som vart det nye namnet søkte stønad frå Norsk kulturråds Kunstløftet-prosjekt, og fekk innvilga dette i 2008, då vart Prøvekluten avslutta og Seanse starta. Senterleiar Marit Ulvund har vore leiar frå starten. Eigarane er framleis dei same, og på Høgskulen er Seanse lokalisert ved Avdeling for kulturfag på Kaarstad-huset. 

Seanse har sidan 2004 hatt 848 kunstnarar og 390 produksjonar på kunstnaropphald, 45 arrangement og utdanna 30 Teaching Artist. I dag har Seanse tre tilsette, fire kunstnaropphald kvart med faste veker 24,25,42 og 43, ein småkunst festival for barn 0-6 år kvart tredje år. Seanse har monge samarbeidspartnarar, og har initiert det internasjonale nettverket ITAC Conferences and Collaborative med den første International Teaching Artist Conference (ITAC1) i 2012 som hadde eit praktisk-kunstnerisk fokus og internasjonalt perspektiv. Denne konferansa fekk ein omgåande entusiastisk mottaking frå kollegaer over heile verda. Etter ITAC1 blei det i 2014 ITAC2 i Brisbane arrangert av Queensland Performing Arts Center og Queensland University of Technology. ITAC3 blei arrangert av Creative Scotland og Paul Hamlyn Foundation i Edinburgh i 2016. Under ITAC3 vart leiarskapskomiteen formalisert. ITAC4 blei arrangert av Carnegie Hall, DreamYard og Lincoln Center Education i New York 2018. På denne konferansen vart ITAC Collaborative lansert for å tilby ein heilårsplattform for å halda fram sambandet og dialogen som vart starta på ITAC-konferansane. Korea Arts Korea Arts & Culture Education Service (KACES) organiserte ITAC5 i 2020 frå Seoul, og produserte ITACs første digitale konferanse, som svar på Covid-19. 10 år seinare vart ITAC6 arrangert både fysisk og digitalt av Seanse i Oslo, med støtte frå ITAC Collaborative sitt nettverk hadde vi glede av å samla personar frå 35 land med om lag 200 deltakarar, og med bidragsytarane var 260 personar involverte i programmet, pluss Lørenskog skulekorps med 40 flotte ungdommar!

Meir info om ITAC6 på Seanse si heimeside.

Korean Arts and Education's contribution
Korean Arts and Education's contribution - The Embodied Catalyst; Dancing with/of/about/on/within/for you - The Sixt International Teaching Artist Conference arrangert av Seanse.

I 2021 arrangert dei også ein tre-delt webinar serie om gaming, The gamer experience of “to be, or pretend to be”Transferable Skills from Gaming to Real Life og Spilltanken 2 med Kulturtanken som samarbeidspartner. Seanse er også aktuelt med både forskning og andre kunstprogram.

Ta ein tur for å sjå kva som foregår på deira eiga heimeside. www.seanse.no 

Seanse Logo