Ofte stilte spørsmål
Kan eg legge inn personleg informasjon i tenesta?
Personvern krev at du har god kontroll på person-identifiserande data du behandlar i forsking eller studiar ved HVO. Du kan ikkje leggje inn personleg informasjon utan at det er lov i tråd med aktuell lovgiving. HVO har gode retningslinjer for dette.
Korleis veit eg kven som står bak tenesta, og kva interesser som ligg bak?
Er eigarane (avsendar) tydelege på korleis tenesta fungerer, korleis ho er trena opp, og korleis ho nyttar dataa som blir lagde inn? Dersom tenesta er transparent på korleis ho er bygd opp, og korleis dataa blir behandla, er det lettare å vurdere om tenesta kan brukast i studiar og forsking.
Kan eg legge andre sin tekst eller andre sine resultat inn i tenesta?
Andre sitt arbeid kan vere opphavsrettsleg verna, og du kan ikkje bruke dette arbeidet som du vil. Dersom tenesta bruker materialet som blir lagt inn, til vidare trening av tenesta, kan du ikkje bruke materialet i tenesta.
Kan eg bruke KI-verktøy for å skrive ein akademisk tekst og seie at resultatet frå tenesta er mitt eige arbeid?
Dersom faget/emnet ditt tillet det, kan du bruke tekstgenererande tenester til å vidareutvikle idear som er uttenkte av deg, men resultata skal ikkje erstatte ditt eige arbeid. Dersom du har brukt ei tekstgenererande teneste: Ver open om korleis du har brukt verktøyet. Dette kan innebere å nemne tenesta og korleis du har brukt henne, eller å gi ei lenke til samtalen med tenesta (chatten). Sjå ei anbefaling frå APA i Søk og skriv: Om etisk bruk av ChatGPT i søk og skriv.
Har du tatt høgd for reglar og retningslinjer om fusk og ureieligheit?
Akademiske etiske prinsipp krev at eit arbeid som blir publisert, levert inn eller skal vurderast, er eit resultat av ditt eige intellektuelle arbeid. Kunstig intelligens kan hjelpe deg å formulere og utforme tekst, men det vil gå ei grense for kor mykje hjelp du har fått til teksten, før du ikkje lenger kan seie at det er din eigen tekst. Dersom du gir ut intellektuelt arbeid andre har gjort, som ditt eige, kan du bli tatt for plagiat eller fusk.
Kan eg stole på svara eg får av KI-baserte tenester?
Tekstgenererande verktøy gir ikkje eit truverdig kjeldegrunnlag og kan heller ikkje søkje etter kjelder. Gjer ei kritisk evaluering av svara du får, og vurder informasjonen og påstandane ved å sjekke truverdige kjelder. I tillegg må du alltid søkje opp eigne kjelder og føre opp referansar til kjeldene du har brukt.
Svara du får ved bruk av KI-baserte verktøy, kan påverkast av systematiske skeivskapar i dataa som tenesta er trena på. For å unngå såkalla bias bør du ettergå svara frå tenesta, slik at perspektiv ikkje baserer seg på skeivskapar som har oppstått på bakgrunn av for eksempel mangelfulle data om kjønn, minoritetar eller demografiske forhold. Tekstgenererande tenester kan eksempelvis produsere umoralsk og krenkande innhald.