Sjekkliste før du tar i bruk KI
Type data
- Kva slags type data du skal bruke KI på: Er det personopplysningar eller noko som er verna av opphavsrett? Typen data er med på å avgjere korleis du kan bruke KI.
- Om dataa kan anonymiserast: bruk anonyme data.
- Korleis har du samla inn dataa som skal brukast? Er behandlingsgrunnlag på plass om du skal bruke personopplysningar, eller tilseier etikken at dette er ok?
Datatryggleik
- Kva land «eig» dataa som du legg inn eller får ut av tenesta?
- Korleis er beskyttelsestiltaka i tenesta?
- Sjekk alltid privacy policy (personvernreglane til tenesta), som fortel kvar og korleis dataa blir behandla.
Korleis behandlar KI dataa dine?
- Blir det du puttar inn, brukt vidare i trening av KI?
- Kva kategori i AI Act kjem det under?
- Kva data er KI-modellen du bruker, trent på? Kva er faren for bias?
- Kan du forklare avgjerder støtta av KI, og korleis resultat eller tilrådingar blei genererte?
Risikovurdering
- Før du tek i bruk KI, bør du identifisere og forstå potensielle risikoar – alt frå tekniske feil til etiske og juridiske utfordringar.
- Vurder kor sannsynleg det er med risiko for at uønskte hendingar vil oppstå, og konsekvensen det vil få dersom den uønskte hendinga inntreffer.
- Kan risikoen handterast, og kan du stå inne for det? Blir lovkrav og etiske omsyn ivaretekne?
- Dokumenter vurderingane dine.
- Er du framleis i tvil om du kan ta i bruk KI, kontaktar du CISO eller personvernombod.