Rutiner ved oppretting av nye studietilbod

Søknad om utvikling av nye emne innan eit eksisterande studieprogram og nye studieprogram på til og med 60 studiepoeng:  

Søknad om å utvikle eit nytt emne/studieprogram vert sendt frå dekan til studiedirektør for handsaming i Utdanningsutvalet. Denne søknaden skal innehalde følgjande moment:  

  1. Samsvarer studietilbodet/emnet med HVO sin strategi?  

  1. Korleis er studentgrunnlaget/behovet?  

  1. Korleis er dei faglege ressursane/kompetansen til å drifte studietilbodet/emnet?  

  1. Korleis er det økonomiske grunnlaget for studietilbodet/emnet?  

  1. Konkurrerer studietilbodet/emnet med andre tilbod på HVO eller på samarbeidande institusjonar?  

  1. På kva måte vert studieprogrammet emnet skal inn i endra som følgje av det nye emnet?    

Etter eventuell godkjenning i Utdanningsutvalet vert emnet/studieprogram utvikla og emneplan/studieplan med pensumliste vert vidare sendt til fagfellevurdering.  

Når fagfellevurdering har kome tilbake til fagmiljøet, skal emneplan/studieplan, pensumliste og fagfellevurderingane sendast saman med eit notat med ei utgreiing om kva ein har tatt med/ikkje tatt med av innspel frå fagfellevurderingane. Dette skal sendast frå dekan til studiedirektør.  

Studiedirektør legg fram planane for rektoratet som godkjenner studie- og emneplanar til og med 60 studiepoeng (føresetnad er førehandsgodkjenning i Utdanningsutvalet).  

Frist for å sende inn endeleg emneplan/studieplan med tilhøyrande vedlegg er 1. februar for oppstart haustsemesteret og 1. oktober for oppstart vårsemesteret.   

 

Søknad om oppstart av gradgjevande studieprogram:   

Søknad om å utvikle eit nytt emne/studieprogram vert sendt frå dekan til studiedirektør for handsaming i Utdanningsutvalet. Denne søknaden skal innehalde følgjande moment:  

  1. Samsvarer studietilbodet/emnet med HVO sin strategi?  

  1. Korleis er studentgrunnlaget/behovet?  

  1. Korleis er dei faglege ressursane/kompetansen til å drifte studietilbodet/emnet?  

  1. Korleis er det økonomiske grunnlaget for studietilbodet/emnet?  

  1. Konkurrerer studietilbodet/emnet med andre tilbod på HVO eller på samarbeidande institusjonar?  

  1. På kva måte vert studieprogrammet emnet skal inn i endra som følgje av det nye emnet?    

Etter eventuell godkjenning i Utdanningsutvalet vert emnet/studieprogram utvikla og emneplan/studieplan med pensumliste vert vidare sendt til fagfellevurdering.  

Når fagfellevurdering har kome tilbake til fagmiljøet, skal emneplan/studieplan, pensumliste og fagfellevurderingane sendast saman med eit notat med ei utgreiing om kva ein har tatt med/ikkje tatt med av innspel frå fagfellevurderingane. Dette skal sendast frå dekan til studiedirektør.  

Etter handsaming i Utdanningsutvalet, legg studiedirektør fram planane for høgskulestyret som godkjenner studie- og emneplanar på gradsgjevande studieprogram (på meir enn 60 studiepoeng). Føresetnad er førehandsgodkjenning i Utdanningsutvalet.  

 

 

 Oversikt over fristar for gradsgjevande studieprogram:  

Forslag om etablering av nytt studieprogram  

Saksutgreiing vert sendt frå dekan til studiedirektør for handsaming i Utdanningsutvalet.   

Seinast 1. mars kalenderåret før oppstart  

Søknad om etablering (med saksutgreiing, søknad og endelege planar)  

Vert sendt frå dekan til studiedirektør for handsaming i Utdanningsutvalet   

Seinast 1. juni kalenderåret før oppstart  

Saksutgreiing om etablering samt vedlegg  

Vert sendt frå studiedirektør til Høgskulestyret for handsaming.   

Seinast 1. oktober kalenderåret før oppstart  

  

For studium der vi er sjølvakkrediterande, må gradsstudium til ny internakkreditering der endringane i studieprogrammet er så store at det er å sjå på som eit nytt studieprogram.