Evalueringsrapporten

Rapporten

Evalueringsrapporten skal innehalde følgjande delar : 

  1. Eit følgjebrev frå dekan på avdelinga mellom anna med moment frå handsaming i avdelingsrådet 
  2. Fagmiljøet sine oppsummerande analysar, refleksjonar og vurderingar knytt til 
    1. funna i dei ulike evalueringane
    2. oppsummeringsseminaret, inkludert studentane sine innspel til evalueringane
    3. skissere tiltak/tilrådingar/endringar som eit resultat av det som kom fram i evalueringane.  
  3. Vedlegg
    1. Intern fagleg evaluering - Fagmiljøet si eiga evaluering av studieprogrammet
    2. Studentevaluering - Studentevalueringa skal vere med noverande studentar 
    3. Ekstern evaluering - To eksterne fagfellar oppnemnt av studieprogramansvarleg, ein med minimum fyrstekompetanse og ein med minimum lektorkompetanse i relevante fagfelt samt minst ein representant frå arbeids- eller samfunnsliv relevant for fagområdet til studieprogrammet. 
    4. Kandidatundersøkinga– gjeld for bachelor- og mastergrader
    5. Datagrunnlag som er relevante for rapporten

Forklaring på kva som ligg i kvart av punkta a – e.

Vedlegg a: intern fagleg evaluering

I den interne faglege vurderinga skal fagmiljøet gjere ein analyse og vurdering av følgjande: 
1.    Studieprogrammet si strategiske plassering, til dømes samfunnsperspektiv og strategisk rolle for HVO


2.    Studentperspektivet, til dømes:
       a.    Etterspurnad (til dømes utdanningstrendar, søknads- og opptakstal, tal på nye studentar) 
       b.    Studenttilfredsheit 
       c.    Kontakt mellom studentar og lærarar 
       d.    Lærings- /undervisningsmetodar 
       e.    Bruk av Canvas og andre digitale verktøy som eventuelt er relevante for utdanninga
       f.    Oppfølging/rettleiing av studentane 

3.    Fagleg berekraft, til dømes:
      a.    Samanheng mellom læringsutbytteformuleringar og undervisningsformer, arbeidsmåtar og vurderingsformer, jamfør                  krav til studietilbod i studietilsynsforskrifta § 2.2 
      b.    Internasjonalisering, inkludert studentutvekslingsavtalar 
      c.    Eventuelt institusjonssamarbeid 
      d.    Forholdet undervisning/ forsking 
      e.    Kompetanse i fagmiljøet, jamfør krav til fagmiljøa i studietilsynsforskrifta § 2.3 

4.    Økonomisk berekraft, til dømes:
      a.    Inntekter 
      b.    Kostnader

5.    Andre moment som fagmiljøet vil trekke fram i evalueringa 
 

Vedlegg b: Studentevalueringa

I studentevalueringa skal fagmiljøet gjennomføre undersøkingar med noverande studentar innanfor følgjande punkt: 
1.    Studenttilfredsheit 
2.    Kontakt mellom studentar og lærarar 
3.    Læring- /undervisningsmetodar 
4.    Bruk av Canvas og andre digitale verktøy som eventuelt er relevante for utdanninga
5.    Oppfølging/rettleiing av studentane 
6.    Studentinnsats/studentdeltaking 
7.    Kontakt mellom studentar og lærarar 
8.    Læring- /undervisningsmetodar 
9.    Andre moment som studentar eller fagmiljøet vil trekke fram i evalueringa

Emnerapportar og studieprogramrapportar kan inngå som ein del av evalueringa, men er ikkje dekkande for å få studentevalueringa godkjent.
 

Vedlegg c: Ekstern evaluering

I den eksterne evalueringa skal representantar frå arbeids- og samfunnsliv og eksterne fagfeller evaluere følgjande punkt:

1.    Studie- og emneplanar
2.    Arbeidslivsrelevans og moglegheit for vidare studium
3.    Studienivå - om emna og studieprogrammet er på rett nivå (grunnstudium, fordjupingsstudium, masterstudium med meir)
4.    Opptakskrav
5.    Vurderingsformer (arbeidskrav og eksamen)
6.    Samanheng mellom læringsutbytteformuleringar og undervisningsformer, arbeidsmåtar og vurderingsformer som skildra i emne- /studieplan og semesterplan. 
 

Vedlegg d: Kandidatundersøking

Gjeld bacelor- og masterprogram: 

Resultat av utsend kandidatundersøking (avdelinga får moglegheit til å kome med innspel på spørsmåla før den vert sendt ut)
 

Vedlegg e: Datagrunnlag

Datagrunnlag som er relevante for evalueringa, til dømes:

Gjennomstrøyming, karakterstatistikk, strykprosent og studiepoengproduksjon over tid (tal frå DBH og Tableau). Studieadministrasjonen produserer statistikk som fagmiljøet får tilsendt i forkant av evalueringa.