PRIS FOR KVALITET I UTDANNINGA - STATUTTAR
Nominer din eller dine kandidatar for 2024 her
Statuttar for pris for kvalitet i utdanninga HVO
Vedtekne i Utdanningsutvalet 14.10.2020
1. HVO sin pris for kvalitet i utdanninga er ein årleg pris som er oppretta for gi anerkjenning til
fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle den samla
utdanningskvaliteten innan eit fagområde, studium eller eit emne ved Høgskulen i Volda.
2. Ved tildeling av prisen skal det leggast vekt på systematisk innsats for å utvikle kvalitet i
utdanninga og god tilrettelegging for studentane sitt læringsarbeid. Det blir lagt vekt på god evne til
formidling og samhandling med studentane, og bruk av nyskapande, varierte og studentaktive
arbeids- og vurderingsformer. Systematisk arbeid med mellom anna forskingsbasert undervising,
internasjonalisering og studentevaluering vil også kvalifisere for prisen, i tillegg til innsats for eiga
fagleg og pedagogisk utvikling.
3. Alle tilsette, studentar og formelle høgskule- og studentorgan kan kome med framlegg til
kandidatar. Forslaga skal vere grunngitte.
4. Utdanningsutvalet innstiller til Høgskulestyret, som gjer vedtak om kven som skal få prisen.
Dersom det vert vurdert at det ikkje er kvalifiserte kandidatar vert ikkje prisen delt ut.
5. Prisen er på kr 30.000 til enkeltperson og kr 50.000 til fagmiljø og blir delt ut av styret for
Høgskulen i Volda. Rektoratet står for overrekkinga. Med prisen følgjer ein diplom med namnet på
prisen, året for tildelinga og namn på enkeltperson/fagmiljø som får prisen.
Prisen skal nyttast til tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling med tanke på kvalitet i
utdanning, til dømes studiereiser, konferansar, miljø- og nettverksbygging eller utstyr til utdanningsarbeid.
Prisvinnaren er forplikta til å halde eit fagleg foredrag knytt til eit arrangement i regi av Utdanningsutvalet.
6. Prisen vert normalt delt ut på HVO sitt julebord.