Retningsliner og mal for programrapport

Programrapporten er eit ledd i kvalitetsarbeidet ved HVO

Programrapporten er ein viktig del av kvalitetsarbeidet ved Høgskulen i Volda. Føremålet med programrapporten er å få fram ulike forhold ved studieprogrammet, frå programansvarleg/studieleiar sitt perspektiv, med tanke på utvikling og forbetring. Kvalitetsområda i kvalitetssystemet er særleg viktige i arbeidet med programrapporten. Kvalitetssystemet finn de her. 

 

Om programrapporten

Evaluering av studieprogram skal gi studentar og programansvarleg/studieleiar høve til å gi tilbakemelding om opplegget for, og gjennomføringa av, kvart studieprogram. Denne evalueringa gjeld berre studieprogram på 60 studiepoeng eller meir.


Utdanningsutvalet peikar årleg ut 3-4 studieprogram som skal ha ei periodisk studieprogramevaluering. Sjå eigen mal og retningsline for periodisk studieprogramevaluering her 


Når det er ikkje er periodisk studieprogramevaluering, skal det gjennomførast ei enklare form for intern evaluering. Denne byggjer på emnerapportane som inngår i programmet, kvalitetsutvalsreferata, sensorrapportane og eventuelt supplerande evalueringselement som fagmiljøet initierer. All evaluering skal danne grunnlag for systematisk analyse og faglege drøftingar.


Programansvarleg/studieleiar summerer opp alle tilbakemeldingane og drøftar resultata saman med dei emneansvarlege innanfor programmet. Dette, saman med eventuelle forbetringstiltak, dannar grunnlaget for programrapporten. Rapporteringa følgjer studieåret og frist for innlevering av programrapporten er august kvart år. Rapporten skal gjerast kjent for studentane og sendast til instituttleiar og dekan. Rapporten dannar grunnlaget for den avdelingsvise rapporten om studiekvalitet. 

Mal for utfylling av programrapporten finn de under. Rapporten bør vere på maks fire sider.