Sentrale evalueringstiltak ved HVO
For studentar
Evaluering av emne (emnerapport)
Emneevalueringa skal gi studentar og emneansvarlege høve til å gi tilbakemelding om opplegget for, og gjennomføringa av, kvart emne.
Den emneansvarlege oppsummerer tilbakemeldingane og drøftar resultata med studentane og i fagmiljøet. Dette, saman med eventuelle forbetringstiltak, vert formulert i ein kort rapport som går til programansvarleg/studieleiar (sjå ovanfor).
Evaluering av studieprogram (programrapport)
Studieprogramevalueringa skal gi studentar og studieprogramansvarlege høve til å gi tilbakemelding om opplegget for og gjennomføringa av kart studieprogram. Denne evalueringa gjeld berre studieprogram på 60 studieprogram eller meir.
Utdanningsutvalet peikar ut dei studieprogramma som skal ha periodisk studieprogramevaluering. Når det ikkje er periodisk studieprogramevaluering, skal det gjennomførast ei einklare form for internevaluering. Denne byggjer på emneevalueringane som inngår i programmet, kvalitetsutvalsreferata, sensorrapportane, og eventuelt supplerande evalueringselement som fagmiljøet initierer. All evaluering skal danne grunnlag for systematisk analyse, faglege drøftingar og eventuelle forbetringar av studiekvaliteten.
Programansvarleg/studieleiar oppsummerer alle tilbakemeldingane og drøftar resultata saman med dei emneansvarlege innanfor programmet. Dette, saman med eventuelle forbetringstiltak, dannar grunnlag for ein skriftleg rapport. Rapporten bør også innehalde kommentarar til emneevalueringane for dei emna som inngår i studieprogrammet (sjå nedanfor).
Dekanen analyserer alle programrapportane og utarbeider ein studiekvalitetsrapport for heile avdelinga. Denne vert lagt fram for avdelingsrådet og blir sakshandsama der. Deretter går rapporten vidare som del av årsrapport for studiekvalitet til Utdanningsutvalet og høgskulestyret. Rapporteringa følgjer studieåret.
Resultatet av evalueringane skal gjerast kjent for studentane.
Kvalitetsutval for studieprogram
Kvalitetsutval for studieprogram skal vere bindeleddet mellom studentane og fagansvarlege på studieprogram. Kvalitetsutvala skal gi høve til å diskutere emne- og studieplanar, gjennomføringa av studiet, og kome med tilbakemeldingar på studieopplegget.
Arbeidet med kvalitetsutval går fram av retningslinjene for kvalitetsutval. Alle fleirårige studieprogram skal ha eit kvalitetsutval, og utover dette vel avdelinga sjølv struktur for kvalitetsutvalsarbeidet og om ein vil ha andre/fleire kvalitetsutval i avdelinga. Kvalitetsutvala skal vere sett saman av både studentar og fagtilsette, og det skal vere minst eitt møte per semester.
Godkjende referat frå møte i kvalitetsutvalet skal sendast til dekan for fortløpande vurdering og eventuell vidare oppfølging.
Felles ph.d-grad med Høgskulen i Molde
Programansvarleg har ansvar for å utarbeide ein kvalitetsrapport på bakgrunn av emnerapportar, referat frå fagutval og studieprogramevaluering. Kvalitetsrapporten vert lagt fram for doktorgradsutvalet for godkjenning
Intern evaluering av studiestart
HVO har utarbeidd ein overordna plan for studiestart og studentmottak. Utdanningsutvalet evaluerer studiestarten kvar haust.
Kvalitetssikring av nye studieprogram og emne
Fagfellevurdering
Fagfellevurdering av nye studie- og emneomtalar skal sikre ei ekstern vurdering av nye studietilbod. Alle nye studie- og emneomtalar på 15 studiepoeng eller meir skal vurderast av to eksterne fagkollegaer frå to ulike institusjonar i forkant av godkjenning av studiet/emnet. Fagfellevurderingane skal leggast ved avdelinga sin søknad og saksutgreiing om endeleg godkjenning av nye emne- og studieplanar.
Prosedyre for utarbeiding, utforming og godkjenning av studie- og emneplanar går fram av retningslinjer for emne- og studieplanarbeid.
Ekstern evaluering
Alle nye emne skal i tillegg til dei vanlege evalueringstiltaka ha minst ein ekstern sensor ved første gongs eksamensavvikling.
Meldingsteneste for studentar
På heimesida for studentar er det ei meldingsteneste – Sei ifrå – der studentar kan gi tilbakemeldingar om uheldige hendingar til HVO. Studiedirektøren, studentrådgivar og driftsleiar er ansvarleg for å følgje opp innspel og saker som blir meldt inn.
Meritteringssystem
Kjem seinare.
Sensorrettleiing
HVO skal ha sensorrettleiing for kvar eksamen. Sensorrettleiinga vil bidra til betre kvalitetssikring av det fastsette læringsutbytte og til å redusere ulikskap i sensur mellom sensorane.
Spørjeundersøking om studiestart
HVO ønskjer å få tilbakemeldingar om kor godt ein lukkast med å nå fram med god og relevant studieinformasjon og kvaliteten på mottakinga studentane får ved semesterstart. Fellesadministrasjonen gjennomfører spørjeundersøkinga om semesterstart.
Strategisk vurdering av studieprogramporteføljen
HVO nyttar SEFØ-modellen:
- Strategisk vurdering
- Etterspørsel
- Fagleg berekraft
- Økonomisk berekraft
Studiebarometeret
Resultata frå studiebarometeret skal diskuterast med studentane og i fagmiljøa. Resultata skal også omtalast i programrapporten og i avdelingane sine kvalitetsrapportar.
Studiekvalitetsrapporten - avdelingane sin kvalitetsrapport
Studiekvalitetsrapporten skal verte handsama i avdelingsrådet. Avdelingsrådet skal vere sett saman av representantar få studentar, fagmiljø og administrasjon i avdelinga. Rådet drøftar og følgjer opp resultata på tvers i avdelinga.
Utdanningssamtalar/utdanningsplanar
Utdanningsplanen skal leggje til rette for at studentane kjem gjennom studiet på normert tid, og skal omhandle rettleiing, informasjon og studieplanlegging. Utdanningsplanane skal sikre eit tettare og meir forpliktande forhold mellom den einskilde studenten og institusjonen. Utdanningsplanen skal vere eit verkty for begge partar i planlegginga og gjennomføringa av eit studieprogram.
Studentar ved studium på 60 studiepoeng eller meir får ved studiestart oppnemnt ein utdanningsrettleiar. Tidleg i første semesteret skal utdanningsrettleiaren gi tilbod om ei utdanningssamtale, individuelt eller gruppevis. Seinare i studieløpet bør partane gjennomføre ei rettleiingssamtale kvart semester, individuelt eller i gruppe.
Gjennomføring av utdanningssamtalar går fram av retningslinene for utdanningsplanar. Tidspunkt følgjer oppsett i kalender for studieåret for studentar.