Leiinga ved høgskulen

Universitets- og høgskulelova har to ulike alternativ for organisering av leiinga ved institusjonane, med anten valt eller fast tilsett rektor. Høgskulen i Volda har valt å ha ei todelt leiing med valt rektor. I denne organiseringa har rektor overordna ansvar for det faglege arbeidet. Rektor er også styrets leiar. Høgskuledirektør har som administrerande direktør/dagleg leiar ved institusjonen ansvar for den samla administrative verksemda. 

Organisasjonskart HVO

Avdelingsadministrasjon

Kvar avdeling har sin eigen administrasjon og leiing som har ansvaret for avdelinga si verksemd. Dekanen er den faglege leiaren.