Journalistikk
Journalistikkutdanninga er kanskje den som sette Høgskulen i Volda for alvor på kartet. Det er ei av landets leiande journalistutdanningar, og mange av våre kjende og kjære journalistar har trakka i gangane på Høgskulen i Volda.
Du får verkeleg prøve deg som journalist i dei fire periodane med praksis, og du vel spesialisering i TV, radio eller nettavis.
Hausten 2021 flytta journalistikkutdanninga inn i eit nytt moderne mediehus med alt av fasilitetar på plass. Her står vårt nye redaksjonslokale klart til å ta i mot Noregs nye journalistar. Redaksjonen har TV-studio, Flexi suite, opptil fleire klippesuiter og radiostudio for å nemne noko.
I tillegg til den praktiske undervisinga gir studiet deg ei god fagleg tyngde med teoretisk undervisning i blant anna medievitskap og innføring i norsk samfunnsliv.