Pr, kommunikasjon og media

Behovet for god kommunikasjon blir berre større og større. Bedrifter, organisasjonar og statlege institusjonar er alle på leit etter personar som kan formidle bodskap på ein god og korrekt måte.

Ein bachelor i PR, kommunikasjon og media lærer deg nettopp dette. Utdanninga samarbeider tett med arbeidslivet, og gir deg som student relevante gjesteforelesingar og gode praksismogelegheiter. 
Med eit av dei fremste utdanningsmiljøa innan media og kommunikasjon i Noreg legg vi til rette for at du skal få den teoretiske og praktiske kunnskapen du treng for å hevde deg i arbeidslivet. 
Du vil få opplæring i relevante verktøy som Adobe Creative Cloud, samt ta del i undervisning som legg stor vekt på samanhengen mellom teori og praksis. Om du ynskjer, kan du gjennomføre delar av studiet i utlandet både gjennom utveksling og ekstern praksis.

Sjå studiekatalog

 

Kontaktpersonar:

Studieprogramansvarleg: Jens Standal Groven

Studieadministrativ kontaktperson: Roe Myklebust Hjelmeseth

Liste over tilsette knytt til programmet