Profilhandbok

skjermdump av dokument

Eit felles uttrykk

Den grafiske profilhandboka er eit sett køyrereglar for utforming av høgskulen sin visuelle profil. Profilhandboka skal brukast av alle avdelingar, institutt, einingar og prosjekt som er eigd eller drifta av Høgskulen i Volda (HVO). 

Når du treng materiell

Designbyrået Fantastiske Osberget i Ulsteinvik er Høgskulen i Volda sin leverandør av grafiske tenester som skal ha HVO sin profil. Dette kan vere ein plakat, akademisk poster, roll-up, annonse, materiell knytt til disputasen din, eller anna materiell der HVO, eller du som HVO-tilsett, er avsendar.

Oppdrag og pris vert bekrefta av Fantastiske Osberget, og dei føl opp bestillinga di frå start til ferdig produkt. Rekninga vert sendt til avdeling/institutt.    

Ta gjerne kontakt med kommunikasjon@hivolda.no om du treng oversikt over gjeldande prisar. 

 

Mediebank

Treng du bilete til ein presentasjon, eller logoen til høgskulen? I mediebanken finn du eit breitt utval studiebilete, bilete av tilsette,  frå campus, frå hendingar og arrangement, samt frå Volda generelt. Her kan du også laste ned og bruke Høgskulen i Volda sin logo. 

Alt innhald i mediebanken er eigd av Høgskulen i Volda og skal krediterast i god skikk. Informasjon om korleis du gjer dette får du når du lastar ned filene.

Spørsmål?

Det er Kommunikasjonskontoret som forvaltar profilhandboka og mediebanken ved Høgskulen i Volda.Ta gjerne kontakt på kommunikasjon@hivolda.no om du treng råd og hjelp, eller om du har innspel!