Masterkatalog Samfunnsplanlegging og leiing
Som student bør du tenkje tema for masteroppgåve frå starten av masterstudiet. Relevant teori frå dei obligatoriske emna er ein god start. Det same gjeld dei valfrie emna. Skriv du semesteroppgåve, kan teori- og litteraturgjennomgangen utviklast vidare i masteroppgåva.
Når du tek til med masteroppgåva på starten av 2. studieår (3. semester for heiltidsstudentar og 5. semester for deltidsstudentar), kan du ta med deg dette når du skal skrive prosjektskisse i emnet IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori, og vidare inn i arbeidet med masteroppgåva.
Ofte kan det vere lurt å sjå på kva som finst av tidlegare masteroppgåver. I lenka nedanfor får du tilgang til tidlegare masteroppgåver skrivne på mastergraden Samfunnsplanlegging og leiing:
Publiserte oppgåver har som regel karakteren C eller betre.
Ei anna kjelde til val av tema ka vere å sjå på kva tema tema/problemstillingar til våre fagfolk er oppteken. Om du skal i gang å skrive masteroppgåve, og finn eit tema som er interessant for deg, ta kontakt med kontaktpersonen på epost:
Utvalte forskingsprosjekt der fagfolk ved institutt for planlegging og administrasjon er inolvert
Nedanfor finn du lenker til ulike forskingsprosjekt som anten er pågåande eller avslutta der fagtilsette er involvert:
SMART PLAN-Bærekraftig samfunnsutvikling gjennom samskaping og visuell simulering i planprosessar