Slik søkjer du grunnstudium

Grunnstudium er bachelorgrader, årsstudium og 5-årige lærarutdanningar som du søkjer på gjennom Samordna opptak. 

Søknadsprosessen

1. Sjå på studium vi tilbyr i studiekatalogen vår, eller ta denne quiz'en, for å finne det studiet som passar deg best.

2. Søk på studie gjennom Samordna Opptak sine sider. Der er også mykje god informasjon om kva du treng til søknaden din. 

3. Hugs å søk og last opp eventuell dokumentasjon innan fristen.

4. Då er det berre å vente på svar, lukke til!

5. Etter hovudopptaket kan du søkje på ledige studieplassar. På Samordna Opptak sine sider finn du meir informasjon. 

Nyttig informasjon

Når er det ope for søking?

1. februar Samordna opptak opnar for søking til studium med oppstart til haustsemesteret

1. mars søknadsfrist for deg som søker om:

15. april søknadsfrist for søking gjennom Samordna opptak 

1. juli frist for ettersending av dokumentasjon som vedlegg til søknad.

1. juli frist for omprioritere studieønska dine. 

Du kan søke på inntil 10 studium i prioritert rekkefølgje gjennom Samordna opptak.

Sjå samordnaopptak.no for vidare informasjon om dei forskjellige fristane og andre viktige datoar.

 

 

 

Når får eg svar på søknaden min

Søkjer du til ordinær søknadsfrist 15. april vil du få svar på søknaden din rundt 20. juli. Søkjer du gjennom "ledige studieplasser" frå og med 20. juli, vil du få svar innan 1 veke.

Eg finn ikkje studiet eg vil søkje på i Samordna opptak?

Forsøk å søk med søknadskode i Samordna opptak eller gå til Høgskulen i Volda sin eigen Søknadsweb for å sjå om studiet kan vere tilgjengelig der.

Søknadskoden finn du i studiekatalogen. 

Kva er generell studiekompetanse?

Generell studiekompetanse er den vanlegaste vegen til høgare utdanning og gjer deg kvalifisert til å studere ved universitet og høgskular. 

Du kan få generell studiekompetanse gjennom til dømes:

  • fullført og bestått 3-årig vidaregåande skule
  • yrkesfag med påbygging
  • 23/5-regelen
  • fagskuleutdanning
  • høgare utdanning
  • utanlandsk utdanning
  • IB

Du finn meir informasjon om måtar du kan få generell studiekompetanse på her.

Manglar du generell studiekompetanse?

Du kan bli kvalifisert likevel, etter visse reglar. Dette skjer på grunnlag av følgjande: 

Kvar enkelt lærestad avgjer kva som gir realkompetanse til deira studium. Du finn retningsline for realkompetansevurdering ved Høgskulen i Volda her.

Kva er poenggrensa til studiet eg søkjer?

Dei studia som har fleire kvalifiserte søkjarar enn det er studieplassar har poengrenser. Grensene varierer frå år til år, og det er ikkje mogleg å vite kva poenggrensene blir før opptaket er avslutta. Poenggrenser blir bestemt ut i frå talet på studieplassar og talet på søkjarar, i tillegg til sjølve poengsummen til søkjarane. Poengsummen tek utgangspunkt i den med lågast poengsum som fikk plass på studiet i førre opptak. 

Det er karakterane dine frå vidaregåande som ligg til grunn for poengberekning:

 

Kva er spesielle opptakskrav?

I tillegg opptakskravet om generell studiekompetanse har enkelte studieprogram fastsatt spesielle opptakskrav eller prøver. Du finn krava i studiekatalogen under opptakskrav.

Eksempel på studier med spesielle opptakskrav: lærarutdanning /animasjon / teater. 

Kan eg takke ja til både tilbod og ventelisteplass?

Ja, men om du takker ja til venteliste i hovudopptaket og får tilbod om studieplass i suppleringsopptaket, mista du automatisk plassen frå hovudopptaket.

Kva er sjansane mine for å kome inn frå ventelista?

Vi kan ikkje seie noko om det blir suppelering frå venteliste. Dersom vi kan gje deg tilbod om plass, vil du motta ein e-post frå oss. Du finn oppdatert informasjon om din plass på ventelista i nesttsøknaden din.