Slik søkjer du opptak til masterutdanning

Høgskulen i Volda har eit variert tilbod av masterprogram innan fleire forskjellige fagområder både på deltid og heltid som du søkjer på via det lokale opptaket vårt i Søknadsweb.

Søknadsprosessen

1. Sjå på studium vi tilbyr i studiekatalogen vår for å finne det masterprogrammet som passar deg best.

2. Søk studium gjennom Søknadsweb

3. Last opp dokumentasjon i lokalopptaket under "Mine dokumenter" - denne finn du øvst linje når du er innlogga i Søknadsweb. 

4. Då er det berre å vente på svar, lukke til!

 

Nyttig informasjon

Når er det ope for søking

  • 1. februar: Søknadsweb opnar for masterprogram med oppstart i august
  • 1. november: Søknadsweb opnar for masterprogram med oppstart i januar

studiekatalogen til høgskulen i Volda finn du søknadsfrist for dei ulike studia. Vi har fleire studium med "løpande opptak" og desse har ope for søking til studiet er fullteikna. 

Dersom du skal ta ein femårig integrert master, for eksempel grunnskulelærarutdanning, søkjer du i Samordna opptak.

 

Når får eg svar på søknaden min

Søkjer du direkte til Høgskulen i Volda vil du få svar om lag fire veker etter søknadsfristen på det studiet som du søkte på, eller fire veker etter at du søkte på eit studium med "løpande opptak". Du kan følgje med på statusen på din søknad inne på Søknadsweben

Opptakskrav og poenggrense

For å kunne starte på ei masterutdanning må du ha bestått ei bachelorgrad eller tilsvarande grad på minimum 3 år (180 studiepoeng). Fleire studieprogram har spesifikke opptakskrav i tillegg. Du finn alltid opptakskravet på nettsida til utdanninga. 

Nokre av masterutdanningane vore har krav om minimum gjennomsnittskarakter C frå bachelorgraden. For masterprogram med C-krav, må du ha minst 25,00 karakterpoeng for å kvalifisere til opptak.

Poengutrekninga tek utgangspunkt i karakterar frå bachelorgraden. Kvar karakter får ein talverdi (A = 5, B = 4, C = 3, D = 2, E = 1), som blir brukt i utrekning av vekta karaktersnitt.

Svarreglar

Dei som får tilbod om studieplass må takke ja i Søknadsweb innan svarfrist. Svarfrist vil stå i tilbodsbrev og inne på Søknadsweb når resultat av opptaket er sendt ut. Dei som gløymer å svare innan fristen, mister studieplassen.

Dokumentasjon

Dokumentasjon er det som viser at du er kvalifisert for utdanninga du har søkt opptak til. Har du søkt opptak i vår lokale Søknadsweb, skal alle opptakskrav dokumenterast i denne søknadsportalen.

Kva må eg laste opp?

Mykje er i dag digitalt og vi kan ofte hente utdanninga di elektronisk, men ikkje alltid. Så det er viktig at du sjekker søknaden din. Høgare utdanning dokumenterer du med vitnemål og karakterutskrift. 

Utdanning frå vidaregåande skule?

Utdanning frå vidaregåande skule dokumenterer du med vitnemål eller kompetansebevis. Sjå Samordna opptak for utfyllande informasjon. 

Elektronisk vitnemål frå vidaregåande vil ikkje vere synleg for deg i Søknadsweb, sjølv om du har dette. Du kan logge inn på Samordna opptak for å sjekke (sjølv om du ikkje har søknad der). 

Utdanning frå andre lærestadar?

Vi har tilgong til resultat frå dei fleste norske utdanningsinstitusjonar. Du kan sjå kva resultat vi har tilgong til under fanen "eksterne resultat" i Søknadsweb. Dersom du ikkje ser utdanning di her, må du sjølv laste opp karakterutskrift og vitnemål. 

Ikkje ferdig med utdanninga di?

Dersom du fullfører utdanning det semesteret du søker opptak, må du dokumentere beståtte fag til no, og skrive i merknadsfeltet kva utdanning du skal fullføre. 

Korleis dokumenterer eg praksis/yrkespraksis?

Relevant arbeidsarbeidserfaring dokumenterer du med tenestebevis eller attest i pdf-format eller bilete/skann av utskrift. Filer i redigerbart format (t.d. word) blir ikkje godkjent. Attest skal vere signert og datert av arbeidsgjevar. Du finn meir informasjon på Samordna opptak sine sider. 

Tidleg svar - gjeld berre masterprogramma til hausten

Tidleg svar

1. mars er søknadsfristen for å få eit tidleg svar på søknaden din. Du krysser av for tidleg svar i Søknadsweb. Tidleg svar for masterprogram blir sendt ut i andre halvdel av mai.

Masterprogram med opptaksprøve (Master in Media Practices) har ikkje tidleg opptak.

1. For å søkje tidleg svar må du dokumentere minst éin av desse grunnane:

  • Du er i jobb og har oppseiingstid, eller må søkje permisjon.
    • Dette dokumenterar du med ein attest frå arbeidsgjevar om oppseiingstid eller permisjon, eller arbeidskontrakt og lønsslipp frå den siste månaden.
  • Du er sjølvstendig næringsdrivande og skal avvikle verksemda i samband med studium.
    • Dette dokumenterar du med ein attest frå Skatteetaten eller føretaksregister om sjølvstendig næringsverksemd.
  • Du må flytte med familie på grunn av jobb, barnehageplass eller skulebyte.
    • Dette dokumenterar du med ein bustadsattest frå Skatteetaten/Folkeregisteret for deg og borna, eller deg og ektefelle/sambuar.
  • Du har behov for særskilt tilrettelegging på studiestaden. Høyr fyrst med lærestaden om det allereie er tilrettelagt for behova dine.
    • Viss ikkje, dokumenterar du behovet med ein attest frå sakkunnig, til dømes lege. Attestar som inneheld sensitive personopplysningar, kan du ikkje laste opp i søknaden. Du må sende dette som brev per post eller sikker digital post.
  • Du må søkje opphaldsløyve for å studere.
    • Dette dokumenterar du med ein kopi av opphaldskort eller relevante sider i passet. Dette gjeld kun søkjarar med mellombels opphaldsløyve eller søkjarar som ikkje har opphaldsløyve i Noreg. Dette gjeld ikkje for søkjarar frå EU/EØS-land.

2. Du må vere kvalifisert innan 1. mars:

  • Kvalifisere - For å få tidleg svar må du fylle alle opptakskrava innan søknadsfristen 1. mars.

    • Du må fylle alle opptakskrava på søknadstidspunktet. Du har derfor ikkje høve til å få eit tidleg svar viss du skal ta fag, kurs, språktestar eller fullførar utdanning om våren. Fullfører du utdanning etter søknadsfristen, kan du ikkje få tidlig svar.

  • Poengrangering - For å få tidleg opptak til eit studium må du ha ein poengsum som ville ha vore i øvre halvdel blant søkjarane som blei tekne opp til studiet ved forrige opptak.

    • Du kan normalt ikkje få tidleg svar dersom vi ikkje kan poengrekne søknaden din. Nye studium har inga tidlegare poenggrense å måle søkjarar opp mot. Du får derfor normalt ikkje tidleg opptak til nye studium.

3. Søk om tidleg svar og last opp dokumentasjon i Søknadsweb innan 1. mars:

Skjermdump fra Søknadsweb
Skjermdump fra Søknadsweb

 

Endre søknad i søknadsweb
Skjermdump fra Søknadsweb

 

Svar på søknad om tidleg svar

Svar på søknad om tidleg svar får du per e-post i siste halvdel av mai.

Viss du ikkje får godkjent grunnlag for tidleg opptak vil søknaden din bli handsama på vanlig måte.