Behandling av personopplysningar om deg som student

Behandlinga er nødvendig for å utøve offentleg myndigheit, og for å oppfylle og overhalde bestemmelsar i universitets- og høgskuleloven. (UH lova) §4-15 og personvernforordninga (GDPR) artikkel nr 6 nr1. voksatav b eller e, jf. 3 bokstav b.

  
Behandlinga skjer også for at vi skal kunne ivareta dine interesser som student eller søkjar på ein best mogleg måte. Dette omfattar alt frå søknad, oppmelding til eksamen, praksisundervisning, velferdstenester, utveksling, utskriving av karakterutskrift/vitnemål osv. Om vi ikkje har heimel i lov for å behandle dine personopplysningar vil samtykkeerklæringar verte innhenta.  
 
Opplysningar som behandlast er namn, fødselsnummer, kontaktinformasjon (adresse og telefonnummer), kva kull du tilhøyrar, studieprogram, karakterar, permisjonar og liknande.   
Informasjonen hentast frå ulike kjelde. Det kan være opplysningar du sjølv legger inn i forbindelse med søknadsprosessar eller semesterregistrering. Det kan være sensurregistrering eller opplysningar frå ordinært studieadministrativt arbeid. 
Det er mogleg å reservere seg mot visning av enkelte personopplysningar, som for eksempel visning av bilde og film.  
 
Studiedirektør er delegert ansvar for behandling av personopplysningane om studentane. Det inneberer blant anna å sørge for at det er utarbeida nødvendige rutinar for å sikre kvalitet og konfidensialitet og at nødvendig opplæring i systema vert gitt.