Praksiskonferansen 2025
Høgskulen i Volda ønskjer velkommen til konferanse 13.-14. mai.

Målet for konferansen er å skape møtearenaer for institusjonar og faggrupper som jobbar med praksis i lærarutdanningane. Konferansen er også ein stad for fagleg oppdatering, samhandling på tvers av utdanningsintistusjonar, nettverksbygging og erfaringsdeling.
Det faglege programmet startar 13.05.25 kl. 10.00 på Høgskulen i Volda og sluttar 14.05.25 kl. 14.00 på Quality Hotel Ulstein.
For dei som vel å komme kvelden før, inviterer vi til eit uformelt treff over eit godt måltid (betaling på staden) kl. 20.00 på Willys Gourmet.
Bindande påmelding innan 4. mars 2025.
Kontaktperson:
Kathrine Skarseth
Program
Måndag 12. mai - Ulstein
kl. 19.00 Registering på Quality Hotel Ulstein
kl. 20.00 Middag på Willys Gourmet for påmelde deltakarar
_____________________________________________________________________
Tysdag 13. mai - Høgskulen i Volda
kl. 09.00 Avreise med buss frå hotellet
kl. 09.00-10.00 Registrering for nyankomne
kl. 10.00 Opning, ved rektor Odd Helge Mjellem Tonheim
kl. 10.30-11.15 Professor Hege Hermansen frå Senter for profesjonsforskning
kl. 11.15-11.35 Pause
kl. 11.35-12.30 Den utforskande læraren, ved dosent Leif Bjørn Skorpen og professor Erik Cyrus Fooladi. Begge frå institutt for realfag Høgskulen i Volda
kl. 12.30-13.30 Lunsj i kantina, Berte Kanutte-huset
kl. 13.30-15.00 Sesjonar for barnehage, grunnskule og vidaregåande skule
kl. 15.00-15.45 Sofaprat leia av Eivind Patrick Hanevik, studieleiar grunnskulelærarutdanningane 1-7 og 5-10 ved Høgskulen i Volda
kl. 16.00 Avreise med buss til Ulsteinvik
kl. 19.30 Konferansemiddag på Quality Hotel Ulstein
_____________________________________________________________________
Onsdag 14. mai - Quality Hotel Ulstein
kl. 09.00 Velkomst
kl. 09.15-09.35 Løpende skikkethetsvurdering i praksis, ved skikkaansvarleg Carien Hedvig Passchier Lærum, Høgskulen i Volda
kl. 09.35-10.30 Samarbeid om praksis og rettleiing av sårbare studentar, ved professor Gerd Sylvi Steinnes, Høgskulen i Volda
kl. 10.30-10.50 Pause
kl. 10.50-11.50 Gruppesamtalar
kl. 11.50-12.05 Pause
kl. 12.05-13.00 Praksiserfaringar frå studentar
kl. 13.00 Avslutning, Høgskulen i Volda sender stafettpinnen vidare
kl. 13.00-14.00 Lunsj på hotellet
Om bidragsytarane
Leif Bjørn Skorpen skal saman med Erik Cyrus Fooladi halde eit innlegg med tittelen Den utforskande læraren
Leif Bjørn Skorpen er dosent i matematikkdidaktikk ved Høgskulen i Volda, der han mellom anna underviser i STM i barnehagelærarutdanninga, utforsking i barnehage og nærmiljø i barnehagemasteren og problemløysing og modellering i grunnskulelærarutdanninga. Faglege interesser og forsking er i hovudsak knytt til barns grunnleggjande talforståing, matematikkvanskar og matematikk i tverrfaglege samanhengar – primært naturfag, musikk og filosofi.

Erik Cyrus Fooladi er professor i tverrfagleg didaktikk ved Høgskulen i Volda der han underviser i naturfagdidaktikk og matkultur og helse, i tillegg til emnet utforsking i barnehage og nærmiljø. Faglege interesser og forsking er mellom anna tverrfaglegheit mellom fag og i undervisning og formidling, kontekstbasert undervisning, utforsking, argumentasjon, ikkje-formell læring og sanselegheit i forsking, undervisning og formidling. Han samarbeider breitt med forskarar, lærarar og formidlarar i inn- og utland.

Carien Hedvig Passchier Lærum sitt bidrag er Løpende skikkavurdering i praksis. Hun er høyskolelektor i juss og skikkethetsansvarlig for høyskolen i Volda (HVO). Hun er utdannet jurist og har tidligere jobbet som lærer i videregående og som rådgiver og praksisansvarlig på Praktisk-pedagogisk utdanning ved HVO. Praksis i utdanningen er derfor noe som hun er spesielt opptatt av, også i forbindelse med arbeidet med skikkethet.

Gerd Sylvi Steinnes sitt innlegg på konferansen har tittel Samarbeid om praksis og rettleiing av sårbare studentar.
Gerd Sylvi Steinnes er professor i pedagogikk, med vekt på leiing og rettleiing. Ho har ein Ph.D i profesjonsteori frå Oslo Met og disputerte i 2014 med avhandlinga Profesjonalitet under press? Ein studie av førskulelærarar si meistring av rolla i lys av kvalifiseringa til yrket og samarbeidet med assistentane. Ho var i perioden 2016-18 medlem i ekspertgruppa om barnehagelærarrolla som i 2018 lanserte rapporten Barnehagelærerrollen i et profesjonsperspektiv -et kunnskapsgrunnlag. Ho har forska på barnehagelærarutdanninga, barnehagelærarolla og på tema som vurdering av barns trivsel i barnehagen og på heilskapleg tilnærming til læring i barnehagen. Dei siste åra har ho leia eit forskingsarbeid om rettleiing i høgare utdanning, retta mot samarbeidet med praksis og praksislærarane si rolle i rettleiing av sårbare studentar.
Aktørar frå praksisfeltet
Deltakaravgift
Deltakaravgifta er kr 2400,-
Inkludert i denne er busstransport t/r Ulsteinvik -Volda, pausemat og lunsj 13. mai.
Deltakaravgifta betalar du når du melder deg på konferansen gjennom påmeldingsskjemaet.
Hotellkostnader kjem i tillegg.
Reise til Sunnmøre
Det er fleire reisealternativ:
1. Fly til Ørsta-Volda lufthamn (Widerøe).
2. Fly til Vigra lufthamn Ålesund (SAS, Norwegian og Widerøe).
3. Buss frå Oslo, Trondheim og Bergen.
4. Tog til Otta og buss vestover til Sunnmøre.
Det er verd å merke seg at Widerøe-flya til Ørsta-Volda lufthamn ikkje har så stor kapasitet.
Overnatting og hotellkostnadar
Overnatting er på Quality Hotel Ulstein. Hotellrom vert reservert via påmeldingsskjemaet til konferansen. I skjemaet kan du velje om du ønskjer overnatting frå mandag til onsdag eller frå tysdag til onsdag.
Reservasjonen din vert formidla til hotellet, som sender ut betalingslenke til kvar deltakar.
Quality Hotel Ulstein er omringa av idyllisk natur. Rett utanfor hotelldøra finn du vegen til fleire fantastiske fjellturar. Det er også kort veg til Flø og Runde. Ved hotellet finn du Ulstein arena, med klatrepark, badeland og bibliotek. Sjøborg kulturhus med kino ligg i same bygg som hotellet.
Hotellkostnadar:
Pris for ei natt enkeltrom, inkludert frukost, kr 1350,-
Pris for ei natt dobbeltrom, inkludert frukost for 2 personar, kr 1690,-
Konferansemiddag (3 rettar utan drikke) kr 575,-
Dagpakke inkludert lunsj (2 rettar utan drikke) og Quality Break buffet 14. mai kr 770,-
_______________________________________