Lærling-ordninga

Ansvarleg båtbyggjar er Sigurd Bjørkedal & Søner Båtbyggeri i Jakobsgarden på Søre Bjørkedalen. Bedrifta er godkjent som lærebedrift. Tre røynde båtbyggjarar bidreg aktivt med undervising og rettleiing gjennom alle delane av byggjeprosessen. Dagleg leiar er Jakob D. Bjørkedal, Ottar Kåre Bjørkedal og Dag Inge Bjørkedal. Båtskotet er romsleg, og har plass til både dei tradisjonsberande båtbyggjarane, vaksne “lærlingar” og grupper av barn/ungdom/unge vaksne. 

Lærlingar vil bli knytt til prosjektet gjennom ei løna lærlingkontrakt. Dei har kompetanse innan tradisjonelle kulturfag, med røynsle frå tradisjonshandverk, undervising og rettleiing i brukav tradisjonsbåtar med og utan segl, ved Høgskulen i Volda. Unge lærlingar frå vidaregåande skule vil bli invitert inn i prosjektet frå hausten 2024.