DeKomp

Desentralisert ordning for skulebasert kompetanseutvikling, DeKomp, er ein del av Utdanningsdirektoratet sin modell for lokal kompetanseutvikling i skulen. Du kan også lese meir om ordningane på Statsforvaltaren sine sider.

DeKomp er basert på prinsippet om skulebasert utviklingsarbeid. Alle dei tilsette, med leiinga i spissen skal undersøkje og vidareutvikle sin eigen praksis. Ei slik måte å drive utviklingsarbeid på påverkar praksisen i større grad enn individuelle tiltak og korte kurs. Ordninga skal bidra til at skuleeigarar gjennomfører eigne kompetanseutviklingstiltak i samarbeid med UH.

Desentralisert ordning skal bidra til å gjere utviklingsarbeidet meir forutsigbart og langsiktig for skuleeigar, universitet og høgskular. Utviklingsarbeidet skal bygge på utfordringar den einskilde skule eller kommune/fylkeskommune har, og føre til betre læring for elevane. Det er eit mål at både tilsette og elevar/studentar på skular og ved universitet og høgskular skal utvikle sin kompetanse gjennom eit styrka samarbeid om teori og praksis.

Mål med strategien

  • Meir varig system der det ikkje er behov for at staten kjem med nye, nasjonale satsingar.
  • Lokalt handlingsrom, tid til implementering, god kommunikasjon om mål og innhald i tiltaket og involvering av lærarar og skuleleiarar i avgjerdsprosessar, då det er viktige faktorar for at kvalitetsutviklingsarbeidet skal bli vellukka.
  • Utviklingsarbeidet skal bygge på utfordringar den enkelte skule eller kommune/fylkeskommune har, og føre til betre læring for elevane.

Kompetansestrategien sine utviklingsområde
DeKomp skal bidra til å nå måla for grunnopplæringa:

  • Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø 
  • Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla sitt potensial 
  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse 
  • Alle lukkast i opplæringa og utdanninga

Aktivitet i regionane

HVO har samarbeid med fire regionar i Møre og Romsdal inkludert samarbeidet med Møre og Romsdal Fylkeskommune. Under kan du lese litt om aktiviteten vi driv gjennom DeKomp for grunnskule og vidaregåande skule.

Utviklingsarbeid med tema lesing i Volda

På Bratteberg skule driv HVO eit utviklingsarbeid om lesing gjennom DeKomp. Liv Astrid Skåre Langnes og Marit Wadsten frå Nynorsksenteret er dei fagtilsette som samarbeider med Voldaskulen. 

Utviklingsarbeid om lesing i Ulstein, Herøy og Sande

Dei tre kommunane Ulstein, Herøy og Sande samarbeider om eit utviklingsarbeid i lesing. Arbeidet har gått føre seg heilt sidan DeKomp-ordninga starta opp i 2017. Det er Pernille Fiskerstrand frå ISL og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng frå Nynorsksenteret som samarbeider med trekløveret.