Voldamodellen

Mål

Eitt av fleire overordna mål i strategien Lærerutdanning 2025 er “Stabilt og gjensidig utviklande samarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonane, barnehagesektoren og skulesektoren”.  For at kvalitetsutviklingsarbeidet skal bli vellukka, må ein utnytte det lokale handlingsrommet, sette av god tid til implementering, legge til rette for god kommunikasjon om mål og innhald i tiltaket og involvere lærarar og leiarar i avgjerdsprosessane.

Gjensidig utvikling i varig partnarskap

Planlegging handlar då om å finne felles meining, identitet og retning med mål om gode og praktiske konsekvensar.

«Å jobbe sammen i partnerskap gir muligheter for å utvikle kunnskap sammen, der en både tar hensyn til forskningens egenart og egenarten ved praksis. Gjennom slikt samarbeid kan en også identifisere områder der skolen trenger mer forskning. Men det krever at en har respekt for hverandres kunnskapsområder. Forskning og praksis er forskjellige, og i det ligger også styrken til utvikling.» (Midthassel, I Rapport nr 70, Universitetet I Stavanger. 2017)

Aksjonslæring, nettverksarbeid og strukturar som kan støtte opp under felles utviklingsarbeid, har vist seg å vere viktige element for å kunne lukkast i ein kollektiv læringsprosess. «Voldamodellen» som utviklingsstrategi, er for mange eit kjent utgangspunkt (Andreassen, 2015; Utdanningsdirektoratet, 2016, 29.mars). Strategien kjem til uttrykk på ulikt vis og modellane ein arbeider etter vert utforma i samarbeid med praksisfeltet. Modellen femnar om både struktur og prosessar, er referanse for leiing, styring og organisering og skildrar læringsprosessar slik ein gjennom partnarskap ønsker å gjennomføre eit utviklingsarbeid. Innanfor den utviklingsstrategien ein vert samd om, kan Høgskulen i Volda delta på aksjonslæring, dialogseminar, nettverk og i utviklingsmøte etter avtalt tidsplan.

Aksjonslæring

Aksjonslæring (Tiller, 1999) er tett kopla til handlingar og erfaringar i læraren sin praksis der refleksjon og dialog bidreg til at lærarar og leiarar i fellesskap kan prøve ut ny praksis, skape ny forståing og utvikle nye handlingsrom for arbeidet i barnehage og skule. Det er såleis viktig at det vert prioritert tid til å utvikle praksis på arbeidsplassen.

Om dialogseminar

Dialogseminar er gjerne ein integrert del av aksjonslæringsprosessar i einingane. Ved å nytte ei slik kommunikativ tilnærming i arbeidet, vil ein kunne legge til rette for både individuell og kollektiv læring. Modellen er utvikla med utspring i ei forståing av læring som eit samspel mellom teori og praksis (Gustavsen mfl, 1999; Lund mfl., 2010).

Seminara er organisert i ein modell med fire læringsrom der samskaping og deltaking er sentralt. Ved hjelp av føreseielege ytre rammer og felles forståing av korleis læring kan finne stad, kan dialogkonferansen vere ein reiskap for kunnskapsutvikling.

Samlingar, møte og seminar skjer etter initiativ og avtale i kommune, kommunegruppe eller region innanfor rammene for eit arbeidsplassbasert utviklingsarbeid.