Arrangement
Tverrfagleg fagdag i medieutdanninga 14. september
Det var Norsk kommunikasjonsforening sitt studentlag i Volda, POE-prosjektet og Institutt for kommunikasjon som invitere til ein fagdag der temaet var tverrfaglegheita i medie- og kommunikasjonsarbeidet.
Tilbodet var i utgangspunkt til alle studentar i PR, kommunikasjon og media, i Outdoor Media Production og i medieproduksjon, men det kom mange tilsette og fleire frå praksisfeltet.
POE-dagane 30. - 31. august
Gjennom to dagar fekk studentar ved Høgskulen i Volda eit innblikk i kva praksismoglegheiter dei kan få gjennom regionen dei studerer i – og ikkje minst ei stadfesting på at kompetansen deira er etterspurd i arbeidsmarknaden.
Fyldig omtale av arrangementet finn du her: – Vil ha Volda-studentar for å arbeide smartare
Program
Tysdag 30. august 12:00 - 16:00
12:00 Opning ved prosjektleiar Ivar John Erdal
12:30 Fagmiljøet frå PR orienterer om emnet Samfunnskommunikasjon og CSR, og korleis dette vert knytt til POE prosjektet
13:30 Praksis og etablering av eiga bedrift etter studietida, Atle Vasbotn Remmereit, Oclin AS
14:15 Pause med mat og mingling
15:00 Green production tool ved Mads Astrup Rønning, Green producers club (Zoom)
15:45 Oppsummering
Onsdag 31. august 12:00 - 16:00
12:00 Partner presentasjon (Maritim forening for søre Sunnmøre, Nordveggen, Møre og Romsdal fylkeskommune og Sunnmøre kulturnæringshage)
12:50 Kort pause
13:00 Bærekraftig reiseliv, Marita Lindvik, Visit Nordfjord
13:45 Implementering av Musikkterapi i Kinn kommune- eit samarbeidsprosjekt mellom HVO og Kinn kommune ved Øystein Salhus, HVO
14:00 Pause med mat og mingling
14:30 Tuva Kårstad (alumni Medieproduksjon) om praksis
15:00 Samtale/oppsummering med fagmiljøet
Kick-off
15. februar 2022 inviterte prosjektleiinga til kick off for dei eksterne partnarane. Dekanane innleia under felles lunsj, så var det omvisning på høgskuleområdet.
Prosjektleiarane Tormod Utne og Janne Heggvoll persenterte HVO sine planar og presenterte studieprogramleiarane og enkelte fagtilsette. Samarbeidspartnarane presenterte sine bedrifter og sine planar. Til slutt presenterte Sigrid Håndlykken frå Friluftsliv og naturguide studiet og Tuva Kårstad frå Medieproduksjon sine bachelorprosjekt.