Bærekraft

Fem bærekraftsmål er spesielt sentrale i dette prosjektet

 

God helse (bærekraftsmål 3)

 Bærekraftsmål nr 3

Sikre at praksis i friluftsliv og naturguide også tilbyr et lågterskel heilårstilbud for ulike målgruppe med fokus på natur med oppleving av lykke, awe og flyt. 

 

Likestilling mellom kjønna (bærekraftsmål 5)

Bærekraftsmål nr 5

Utvikle praksisavtalar, oppdragsnettverk og møteplassar som sikrar at praksisplassane er tilgjegelege for alle, og fordelast slik at samarbeid om praksisopphald motverkar viareføring av sterotypiske kjønna praksisar i arbeidslivet. 

 

Anstendig arbeid og økonomisk vekst (bærekfraftsmål 8)

Bærekraftsmål nr 8

Lage ein strategi og avtalar som tydelig skil mellom studentproduksjonar knytt til praksis i utdanninga og produksjonar/oppdrag som er oppdrag frå bedrifter. Styrka profesjonalisering av friluftsliv- og naturguidebransjen, og ei styrking av dei regionale SMB segmentet si kompetanse innan kommunikasjon på digitale flater. 

 

Ansvarleg forbruk og produksjon (bærekraftsmål 12)

Bærekraftsmål nr 12

Aktiv bruk av Grønt veikart for kunst og kultursektoren og medlemskap i UN Global Comapct, FN sin organisasjon for bærekraft i næringslivet

 

Samarbeid for å nå måla (bærekraftsmål 17)

Bærekraftsmål nr 17

Med samarbeid ynskjer høgskulen og partnarane å kunne føre eit klimaregnskap på dette prosjektet for å synliggjere bærekraft i praksis, både for studentane i praksis men også for heile prosjektorganisasjonen.