Velkomen inn
Velkomen inn! Rekrutteringsstrategiar og praksis i norske mediebedrifter
Kva kjenneteiknar rekrutteringsstrategiar og -praksisar i norske mediebedrifter? Kva kompetanse er det mediebedrifter ser etter? Kva forhold har dei til medieutdanningane i Noreg?
Mediestudentar har ofte eksternpraksis som ein viktig del av si utdanning. Dei kjem inn i ein redaksjon eller eit produksjonsselskap og er del av arbeidsflyten der i nokre veker. Det finst fleire studier av studentane sitt læringsutbytte og generelle opplevingar av denne typen praksis (F.eks. Gollmitzer, 2021; Opiniano m.fl., 2021; Steensen, 2018).
Hovudvekta av desse tar imidlertid for seg journalistikk-studentar. Det er gjort mindre forsking på andre typar mediebedrifter, som eksempelvis designbyrå og uavhengige produksjonsselskap (Thornham & O´Sullivan, 2004). I tillegg fokuserer fleirtalet av studiene på studentane, medan mediebedriftene sitt perspektiv er underrepresentert (Ashton, 2011; Olsen, 2020).
Vårt prosjekt søkjer å tette noko av dette kunnskapsholet på to måtar: For det første studerer vi mediebedrifter som driv med andre ting enn nyheitsjournalistikk, nærare bestemt eit utval små og mellomstore bedrifter som produserer eksempelvis dokumentarfilm, fiksjon og oppdragsproduksjonar i ulike format og sjangerar. For det andre er det bedriftene sitt perspektiv på rekruttering og kompetansebehov vi vil utforske. Dette blir gjort gjennom halvstrukturerte, kvalitative intervju med leiarar i norske produksjonsselskap. Forskingsspørsmåla omfattar mellom anna korleis dei arbeider med rekruttering på kort og lang sikt, kva kompetanse dei ser etter, kva forhold dei har til medieutdanningane, og kva som eventuelt er deira motivasjon for å ta inn praksisstudentar.
Prosjektleiar: Ivar John Erdal