Samtalar om Bygdepride og skeive liv på bygda
Forskingsmiljøet Bygdepride – transformativ retorikk og Bygdepride inviterer til føredrag og samtale om Bygdepride og skeive liv på bygda.
Anna Olofsdotter Lööv har forska på pride-festivalar på bygda i Sverige, og vil fortelja om korleis rurale pride-markeringar utfordrar førestillingar både om bygda som heteronormativ og skeive liv som knytt til storbyen. Helga Eggebø fortel om ny forsking på skeive liv på bygda i Noreg etter 2010. Etterpå vert det panelsamtale om pride-markeringar på bygda i Noreg og Sverige, og om det å leva som skeiv på bygda har endra seg. Bygdepride, Anna Olofsdotter Lööv og Skeivt arkiv deltek.
Alle er velkomne!
Det vert kaffi og svele (og vegansk alternativ)
Program
12:30: Opning ved Silje Ims Lied, dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
12:35–13:00: Velkommen ved Rune Sæbønes (Bygdepride) og Yasemin Hacioglu og Gudrun Kløve Juuhl (HVO).
Kvifor forska på bygdepride ved Yasemin og Gudrun.
13:00–13:45: Anna Olovsdotter Lööv (Mittuniversitetet, Sverige): “Vi gör det på vårat sätt”. Reflektioner över urbannormativitet och Pride på bygd.
14:00–14:45: Helga Eggebø (Nordlandsforsking) (digital): “Skeiv innvandrar og skeiv på bygda.” Oppsummeringar frå forskingsprosjekta Skeiv på bygda og Queer migrants.
15:00–15:45: Panelsamtale: Rune Sæbønes; Anna Olofsdotter Lööv; Bjørn Andre Widvey (Skeivt arkiv)
Samtaleleiar: Eirik Søvik (prorektor ved HVO).
15:45–16:00: Innspel frå salen om forskingsbehov og -idear.
- Ta kontakt per e-post ved spørsmål: yasemin.nurcan.hacioglu@hivolda.no eller gudrun.klove.juuhl@hivolda.no.
Vi inviterer også til eit forskingsseminar den 3. oktober, kl. 09.00–12.00. Her vil vi utforske moglegheitene for nye tverrfaglege samarbeid knytt til rurale pride-arrangement.
Samandrag
Anna Olofsdotter Lööv
”Vi gör det på vårat sätt.” Reflektioner över urbannormativitet och Pride på *bygd.
I både forskning om hbtqia+-aktivism generellt och om Pridefestivaler mer specifikt är det oftast urbana rum som har stått i centrum. I takt med att antalet Pridefestivaler ökade i Sverige under 2010-talet blev det som tidigare främst varit ett storstadsfenomen nu något som även arrangerades i rurala kontexter. Under perioden 2015-2017 undersökte Anna Olovsdotter Lööv betydelsen av Pride genom fältarbete under fem Pridefestivaler på orter belägna bortom Sveriges storstäder. Idag kommer hon med utgångspunkt i en Pridefestival som ägde rum 2015 reflektera över *bygden som hbtq-aktivistisk arena och arrangörernas önskan om att göra Pride ”på vårat sätt”. Denna önskan tydliggjorde hur omarbetandet av Pride skedde inom urbannormativa och metronormativa diskurser där resultatet blev en mindre urbannormativ, men också mindre hbtq-centrerad, aktivism.
– Anna Olovsdotter Lööv, FD genusvetenskap, arbetar som lektor i genusvetenskap vid Mittuniversitetet, Staare/Östersund, Sverige.
Helga Eggebø
«Skeiv innvandrar og skeiv på bygda»
Det finst utbreidde oppfatningar om at bygder og innvandrarmiljø er vanskelege stader å leva for skeive på grunn av homofobi og intoleranse. Nokre skeive med innvandrarbakgrunn og skeive på bygda fortel ei livshistorie i tråd med desse oppfatningane, medan andre fortel ei tydeleg motforteljing.
I dette føredraget analyserer eg to store kulturelle forteljingar om å vera skeiv. Den eine handlar om å vere skeiv med innvandrarbakgrunn, den andre om å vera skeiv på bygda i Noreg på 2010-. Desse forteljingane er delvis ulike, men eit fellestrekk er at begge forteljingane i utgangspunktet handlar om skeive som er på «feil plass». Analysane er basert på kvalitative intervju med til saman 65 skeive, som er gjennomført i samband med dei to forskingsprosjekta «Skeiv på bygda» og «Queer Migrants». Datamaterialet syner at det finst ei utbreitt forståing av at det stort sett er greitt å vera skeiv i Noreg i dag, men at bygda og minoritetsmiljøa er stader kor det er vanskeleg eller umogleg å leva gode skeive liv. Denne forteljinga pregar korleis informantane snakkar om eigne liv og erfaringar. Nokre av deltakarane presenterer ei tydeleg motforteljing, om at det går an å leva gode skeive liv på desse stadene kor «alle» syns å vita at det er problematisk å vera skeiv. Andre deltakarar har ei historie som i større grad stadfestar at det er nokre særlege utfordringar knytt til å leve som skeiv i det rurale eller i minoritetsmiljøa. Men i alle høve ser det ut til at desse kulturelle forteljingane om gode og dårlege stader å leva skeive liv, står så sterkt at deltakarane på ein eller annan måte må fortelja om sine eigne erfaringar i lys av desse.
– Helga Eggebø er forskar ved Nordlandsforsking i Bodø. Ho har ein doktorgrad i sosiologi frå Universitetet i Bergen, og har i tillegg til levekår for skeive særleg interessert seg for innvandringspolitikk, aldring og omsorg.