Velferdsmidlar til studentorganisasjonar
Søk om økonomisk støtte!
Studentparlamentet tildeler kvart år ca 100 000 kr i velferdsmidlar til studentlag, studentorganisasjonar og -festivalar i Volda. Midlane skal gå til å styrkje den frivillige studentaktiviteten i Volda. Tiltak som bidreg til eit variert og levande studentmiljø vil bli prioritert. Det kan gå til f.eks arrangement og sosiale aktivitetar, deltaking på kurs og seminar, innkjøp av utstyr og materiell, reisekostnader ect. Vi behandlar søknadane fortløpande.
Framgangsmåte og formelle krav for å få tildelt velferdsmidlar
- De søkjer om maks 7 000 kr per søknad
- De søkjer vanlegvis ein gong per semester. Har vi midlar til gode, opnar vi for fleire søknandar.
- Organisasjonen/laget/festivalen må vere tilknytt Høgskulen i Volda og bestå av minst 80 % studentar.
- De beskriv kva pengane skal gå til i søknaden og legg ved budsjett og økonomisk oversikt
- Midlane kan ikkje brukast på alkohol.
- De dokumenterer bruken av midlane i etterkant. Seinast innan to månader, sender de bilete/kopi av fakturaer/kvitteringar til studentparlamentet@hivolda.no. Manglande eller for sein innlevering (over 3 mnd) kan medføre krav om tilbakebetaling eller at organisasjonen blir nekta å søkje midlar påfølgjande semester.
- Om planar blir endra eller avlyst, kan de søkje om omdisponering av midlane gjennom ein mail til oss: studentparlamentet@hivolda.no
- Vi handsamar søknadane fortløpande.
Behov for meir i støtte?
Hugs at de også kan søkje velferdsmidlar gjennom Studentsamskipnaden i Volda! Dei deler ut velferdsmidlar to gongar i året, og alle lag og organisasjoner ved Høgskulen kan også søkje økonomisk støtte der.
Søk midlar frå Frifond, Noregs enklaste støtteordning for barn og unge.