Allmøte for tillitsvalde

allmøte tillitsvalde

3-4 gongar i året inviterer Studentparlamentet til møte for alle tillitsvalde. Her får tillitsvalde utveksle erfaringar på tvers, spele inn saker og jobbe for forbetringar på studiet. Dette legg også grunnlaget for ein best mogleg studiekvardag for alle studentane i Volda. Har du spørsmål eller saker du vil ta opp, er det berre å kontakte arbeidsutvalet vårt

 

Møter for tillitsvalde studieåret 2023-2024

Møte 1

Tid: tysdag 24. oktober kl 16-17.30 

Stad: BK 159 vesle auditorium

Tema:

  • Innføring i vervet og korleis du kan gjere ein god jobb som tillitsvald 
  • Det fysiske læringsmiljøet ved Høgskulen. Behov for oppgraderingar?  

Enkel servering. 

Lenke til arrangementet.

 

Møte 2 

Tid: tysdag 16. januar 2024 kl 16.00-17.15 

Stad: BK 159 Vesle Auditorium

Tema:

  • Studiemiljø og studentvelferd 
  • Erfaringsutveksling 

Enkel servering.

Lenke til arrangementet.

Møte 3 

Tid: 12. mars 2024 kl 16.00-17.15

Stad: Skildringa, Hans Strøm

Tema:

  • studentrettar og eksamen med studentombod Lene Loy

Enkel servering. 

Lenke til arrangementet