Animasjonsfestivalen opnar i dag!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

0ec23eb21d96b4774eb461151c4b1a9d521d4cbf

Kvart år vert kjende og ukjende fjes frå animasjonsverda invitert hit til Volda. Her får dei høve til å vise filmane dei har regissert, samt møte andre innan sitt fagfeltet. Under festivaldagane vert det pre-selection for filmar til den Nordisk-Baltiske festivalen i Fredrikstad i november. Styret for Animation Volda har jobba på spreng for å setje saman eit solid og variert program med mellom anna musikkvideoar, kortfilmvisningar, barnedag og spelefilmar.

 – Vi gler oss enormt til opninga, og håpar publikum gjer det same. Festivaldagane byr på både Fanthomas, Coraline, musikkvideoar og kortfilmar. I tillegg blir det konsertar på Rokken. Det er rart om ikkje noko av dette har tiltrekningskraft på publikum. seier dei to leiarane for AnimationVolda, Kurt Vadset og Sven Giske. – Vi har stått på stand i Berte Kanutte-huset og flyttar til Rokken under festivaldagane. Der kan folk kjøpe festivalpass og få programmet. Vi kjem også til å selge pass utafor Samfunnshuset før opninga i dag, seier Sven.

Opning med filmen "Coraline"
Opninga av festivalen er på Samfunnshuset i dag kl. 18.30, der mellom anna Egil Olsen frå Ørsta skal stå på scena. Ein av spelefilmane som skal visast er den kritikarroste filmen Coraline, regissert av Henry Selick. Denne er valt ut som opningsfilm, og handlar om ei jente som oppdagar ein hemmeleg gang i det gamle huset familien hennar nett har flytta inn i. Det som møter henne er eit tilsynelatande ideelt univers, men etter kvart vert det ikkje heilt som forventa.

Variert filmprogram
Av kortfilmar kan det nemnast at prisbelønte "The Cat Piano" og "Western Spaghetti" vert vist. Også den populære Fanthomas-serien, noko som mange gler seg til. I år som i fjor er det visning av studentproduksjonar frå både gamle og nye studentar ved høgskulen.

– Det blir nok trongt om plassen under framsyninga av Fanthomas. Vi gler oss. Regissør Rasmus Sivertsen som er tidlegare voldastudent tek turen, og vi håpar publikum møter opp for å sjå kva han har fått til. Tilbakemeldingane frå studentane har vært gode, og vi trur festivalen skal leve opp til forventningane, seier Sven Giske.

86e21ac85583d800876eda2d81437c9a554e9870

Kurt Vadset og Sven Giske er ein av leiarane for Animation Volda og ser fram til eit innhaldsrikt festivalprogram.


Visjonen for festivalen er å setje søkjelyset på animasjonsfilm. Behovet for frivillige er alltid til stades, og leiinga hjå AnimationVolda vonar at både nye og gamle studentar vil ta del i det levande festivalmiljøet.

Produsentseminar og bransjetreff 
Animation Volda og Vestnorsk filmsenter inviterer til bransjetreff under festivaldagane, og produsentseminar med dei verdskjende produsentane Maki Terashima-Furuta og Andy Frain fredag 18. september. Maki har blant anna vore ansvarleg for animasjonssekvensane i "Kill Bil", regissert av legendariske Quentin Tarantino. Andy Frain har jobba ein del med musikkvideoar, mellom anna for U2 og Bob Marley.

Del på