Fadderansvarleg

Som Fadderansvarleg organiserer du fadrar og faddergrupper, og fylgjer opp desse før og gjennom Fadderveka. Du bidreg til eit godt og inkluderande miljø både for fadderane og for dei nye studentane som kjem til Volda. 

Dine arbeidsoppgåver: 

  • Skaffe fadrar frå alle studium og organisere faddergruppene, der PR-ansvarleg bistar med promo av å vere fadder
  • Sørgje for at fadderane signerer kontrakt og er tilstrekkeleg informert før Fadderveka startar med infomail, infomøter m.m.
  • Vere kontaktperson mellom fadrar og faddervekestyret
  • Ha det overordna ansvaret for at fadrane veit kva dei skal gjere og fullfører arbeidsoppgåvene 
  • Levere evalueringsrapport til Studentparlamentet seinast 15. oktober.