Nestleiar for Fadderveka
Som nestleiar avlastar du leiar, og de fordeler arbeidsoppgåver dykk imellom. Du er leiar sin stadfortredar når ho/han ikkje er til stades. Du bidreg også til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom medlemmane i styret, jobbar variert og løysingsorientert.
Dine arbeidsoppgåver:
- Tre inn i leiarrolla ved leiars fråver, og ha god kontakt med leiar om fordeling av arbeidsoppgåver og ansvarsområder
- I samarbeid med leiar starte planlegging av Fadderveka så fort Faddervekestyret er sett
- Følgje opp styremedlemmane og ta vare på eit godt arbeidsmiljø i styret
- Skrive referat frå styremøte med spesielt fokus på arbeidsoppgåver som skal gjerast
- Bistå med arbeidsoppgåver der det er behov i styret, men skal ikkje ta på seg hovudoppgåver til andre i styret utan avklaring innad.
- Levere evalueringsrapport til Studentparlamentet seinast 15. oktober.