PR- og multimedieansvarleg
Som PR- og multimedieansvarleg promoterer du Fadderveka gjennom nettsider, plakatar, sosiale media m.m. Du utarbeider grafisk profil i samråd med styret, og samarbeider også tett med kommunikasjonsavdelinga på Høgskulen. I tillegg kan du opprette eit PR og mediacrew som du leiar.
Dine arbeidsoppgåver:
- Utvikle den grafiske profilen for Fadderveka, evt. i samråd med grafisk team
- Ha hovudansvar for promoteringa av Fadderveka gjennom nettside, plakatar, SoMe o.l., gjerne i samarbeid med PR-crew og kontor for kommunikasjon ved Høgskulen
- Bistå fadderansvarleg i promotering av å vere fadder
- Design av t-skjorter og anna merch
- Sjå til at Studentparlamentet sin logo vert brukt på alt materiell som promoterar Fadderveka
- Levere evalueringsrapport til Studentparlamentet seinast 15. oktober