Helsestasjonen fortsetter drifta

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Det har vore mange oppslag i studentmedia om helsestasjon for studentar, både om at STiV har jobba med å oppretthalde den i samarbeid med Høgskulen og SfS, og om ei eventuell nedlegging. STiV avfeier alle spekulasjonar om nedlegging og kan no bekrefte at midla ein har søkt om for 2009, har vorte bevilga.

Tidligare i år jobba STiV med ei eventuell samanslåing av helsestasjon for studentar og helsestasjon for ungdom, men slo frå seg desse planane etter lite engasjement frå kommuna si side. STiV bestemte seg då for å jobbe for at helsestasjonen skulle bestå! – Dette er eit tilbod me som studentar i Volda ikkje har råd til å miste, seier leiar i STiV, Ole Martinus Breivik. – Det har vist seg at behovet for ein slik helsestasjon er stort, og me ser på dette som eit av dei viktigaste velferdstilboda for studentane!

HVO og SfS vart einige om å garantere for drifta det fyrste halve året, inntil ein fekk vite om ein fekk innvilga midlar. Men det vart ikkje nødvendig i år, då ein fekk støtta ein hadde søkt om.

- Eg vil gjerne avslutte med å rose SfS og HVO som har vist stor samarbeidsvilje i denne saka! At dei ville dekke drifta eit halvt år viser deira sitt engasjement i denne saka, avsluttar Breivik. – Me skulle berre ynskje studentmedia òg gjekk til dei rette kildene når det gjaldt saker som denne, så me slepp overskrifter som ”helsestasjonen vert lagt ned”, når dette ikkje stemmer.

Del på