Lyst på eit spanande oppdrag?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

d20c931ab22fa06b4ed1c4b2733e320185eef822

(Bildet er henta frå flickr.com)

Nus-studentane (norsk for utanlandske studentar) her på høgskulen skal lære norsk godt nok til å studere vidare i Norge. Då er det svært viktig for dei å ta det norske språket i bruk så tidleg som mogeleg og i så mange situasjonar som mogeleg.

Omfang, tid og stad:

14 timar per gruppe, ein dobbeltime i 7 veker, og vi treng truleg 4-5 gruppeleiarar. Oppstart vert i veke 40. Vi ordnar eit første møte (i veke 39, BK 157) slik at du får gjort avtale med dei om vekedag, stad og klokkeslett.

Emne:

Det er fint om du legg opp til samtalar der dei får øve inn ordforrådet dei har i grunnboka si, På vei. Du vil få kopiar av kapitla dei arbeider med.

Hugs! - du skal ikkje drive tavleundervisning, målet er at dei skal snakke mest mogeleg. Opplæringsspråket for NUS-studentane er bokmål.

Betaling/info:

Vi betaler 150 kroner timen, og du får relevant praksis på cv-en din. Er du interessert, så ta kontakt med Reidun Aambø, tlf. 70075138, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, 2. etasje BK. Ta kontakt på e-post: reidun.aambo@hivolda.no og skriv gjerne telefonnummeret ditt.

Dette er ein unik sjanse til å sjå norsk frå ein ny ståstad og til å møte flinke, engasjerte studentar frå den store verda – så den som kjem først til mølla..!

Del på