Sei di meining om Skulen, SfS, eller kva du vil!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

0a43d5ef545ae93ff6b7940a27e28ac8be8b7127

STiV-leiar Ole Martinus Breivik kan no med glede melde at forumet til STiV no er oppe og går!

– Me håper på mange gode innspel frå studentar på dette forumet, og at studentane kan bruke forumet til å stille spørsmål til STiV om det er noko dei lurer på. Me kan svare på alt frå kva som vert gjort med fagevaluering til kvifor boligprisane til SfS er så høge. Ingen spørsmål er for små og ingen er for store!

Han kan fortelle at forumet har vore tilstades før, men aldri vore aktivt brukt av STiV, eller av studentane. STiV vil no ha ein aktiv dialog med studentane, og dette er ein god måte å gjere det på trur STiV-leiaren.

Er du intressert i å seie di meining? Gå inn på STiV sine sider, og klikk deg fram til forumet. Eller klikk på denne linken, http://www.hivolda.no/index.php?ID=12757.

STiV-leiaren avsluttar med eit smil, og han håper han ser dykk på STiV sitt forum!


Del på