Studenthumanisten

Studenthumanisten Lone Ellingvåg Knutsen er eit medmenneske og ein samtalepartner som er til for deg som er student når du treng nokon å snakke med. Målet med samtalen er å utforske det som er viktig for deg i ditt liv. Kanskje du har opplevd noko vanskeleg og treng nokon å dele tankane og følelsane dine med? Eller kanskje du berre treng å lufte tankane litt? Uansett kva det gjeld kan alle studentar kome til ei samtale med studenthumanisten. 

Lone er ein humanistisk livsrettleiar tilsett i Human-Etisk Forbund - den fyrste studenthumanisten i Noreg. Tilbodet er gratis, og samtalen blir mellom deg og Lone.

Studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen

Lone har kontor i lag med studentprest Ruth Eva Sollie, på Berte Kanutte-huset (BK 142). 

Samtalane skjer på eit eige samtalerom (BK101), digitalt eller på tur. Samtalane kan bookast digitalt eller avtalast per e-post/telefon.  

E-post: lone.knutsen@human.no
Telefon: 99 29 54 80
Sosiale medium: Facebook | Instagram