VSI treng nytt styre

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Styret i Volda Studentidrettslag (VSI) har no gått av, og det må veljast eit nytt styre om VSI skal kunne fortsette drifta.

- VSI er ein studentorganisasjon med mange tilbod for studentane. Dei har faste treningstider i Idrettshallen for mange forskjellige idrettar, i tillegg har dei tilgong og treningstider i symjehallen, seier leiar i STiV ,Ole Martinus Breivik.

1a4da4deaf25c006bca679f5b0662a84ecba9d55
Fotball er berre ein av sportane VSI tilbyr!

- Dette er eit for godt tilbod til å forsvinne, og det er synd om ingen studentar vil ta over og fortsette slik at VSI kan bestå. For det er desverre det som er realiteten no. Dersom ingen tek over, forsvinn VSI, fortsett han.

STiV håper at nokon tek dette på alvor og stiller opp å arrangerer VSI utover hausten.

Er du interessert, ta kontakt med STiV!

Del på