Booking av rom til møter og aktivitetar

Studentorganisasjonar, studentlag og -festivalar tilknytt Høgskulen kan booke undervisningsrom så fremt der ikkje føregår undervisning, både på dagtid, kveld og helg. 

Det er berre mogleg å booke ordinære undervisningsrom (klasserom og auditorium), ikkje spesialrom. 

Undervisningsromma er heilt opne i tidsrommet 07.30-17.00 på kvardagar. Utanom desse tidene treng du studentkortet for å få tilgang.