Om Studentparlamentet
Oppbygging av Studentparlamentet
Meir om Studentparlamentet
Studentparlamentet utgjer Studentdemokratiet ved Høgskulen i Volda, og er av og for studentane. Vi fremjar studentane sine interesser og rettar, og er bindeledd opp til leiinga ved Høgskulen. Gjennom studentparlamentet kan du engasjere deg i studentpolitiske saker, forbetre læringsmiljøet, bidra til betre studentvelferd, delta på nasjonale kurs og konferansar og mykje meir. Og ikkje minst kan du bli kjent med andre engasjerte studentar og få vener for livet!
Arbeidsutvalet (AU) til Studentparlamentet består av 5 studentar som tek seg av den daglege drifta. Dei legg fram saker for parlamentet og sørgjer for å gjennomføre dei vedtaka parlamentet fattar.
Studentparlamentet består av 11 faste representantar og 11 varaer. Dei har møter ca ein gong i månanden, og tek avgjersler på vegner av studentane i Volda. Medlemmane og AU kan sjølve ta opp saker, eller får spelt inn saker frå tillitsvalde, andre studentar eller leiinga.
Dei tillitsvalde på studieprogramnivå utgjer grunnfjellet til studentdemokratiet, og kan ta opp saker på vegne av sitt studium og kull. Dei tillitsvalde har møter 1-2 gongar i semesteret der dei kan drøfte saker på tvers av studium.
Parlamenet vel også representantar til Høgskulen sine råd og utval, der studentane skal utgjere minst 20 % av medlemmane. Studentparlamentet vel i tillegg studentar til styret for Studentsamskipnaden i Volda - SiVolda, der studentane har fleirtal. To studentar sit også i Høgskulestyret, men val av desse blir ikkje gjort av parlamentet, men organisert gjennom valstyret, der studentar røystar direkte på kandidatane kvar haust.
Studentparlamentet er paraplyorganisasjon for alle studentorganisasjonane og studentfestivalane ved Høgskulen. Vi tildeler midlar til organisasjonane etter søknad, tilset og koordinerer arbeidet til styret i Faderveka, og ønskjer å legge til rette for mest mogleg studentaktivitet og studentengasjement! Har du spørsmål eller innspel, er det berre å kontakte arbeidsutvalet eller stikke innom kontoret vårt på Berte Kanutte-huset vis-a-vis kantina.
Medlemsskap og samarbeid
Studentparlamentet er medlemslag i NSO - Norsk Studentorganisasjon.
Studentparlamentet er medlemslag i SAIH - Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond.
Studentparlamentet er med i Studentrådet til UH-Nett Vest.