Standplass ved Høgskulen i Volda

Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda inngår avtale etter søknad med aktørar som vil stå på stand på Høgskulen sitt område. Om ikkje anna er avtalt, er gjeldande område for stand i gangarealet ved kantina i første etasje på Berte Kanutte-huset (BK). 

    Avtale om standplass

    Prisar

    • Studentorganisasjonar, samt ideelle lag og organisasjonar, står gratis.
    • Kommersielle aktørar betalar ei avgift på 2000 kr per dag.
    • Sponsorar eller andre samarbeidspartar kan ha eigne avtalar.

    Studentparlamentet innvilgar søknadane fortløpande, og vektlegg følgjande:

    • Aktøren/aktiviteten skal vere relevant for studentar
    • Det må ikkje kollidere med Høgskulen sine eigne aktivitetar og arrangement
    • Studentorganisasjonar blir prioriterte først
    • Avslag kan skje grunna mengda/hyppigheita på stands
    • Støytande bodskap eller pågåande åtferd blir ikkje akseptert

    Gjeldande retningslinjer når du står på stand på Høgskulen

    • Ein tek sjølv med seg naudsynt utstyr/materiell, ryddar etter seg og forlet området slik det var. 
    • Aktiviteten skal halde seg på tildelt plass. Vanleg plassering er området ved kantina på Berte Kanutte. Andre areal ute/inne må avtalast særskilt.
    • Vanleg høflegheit gjeld, og normal ferdsel skal ikkje hindrast. Påtrengjande/plagsam åtferd eller støytande bodskap kan føre til bortvisning.
    • Plakatar eller flygeblad kan hengast opp på tilviste oppslagstavler eller infobord. Ver venleg å unngå stiftepistol.
    • Kommersielt sal av gjenstandar, abonnement e.l. må avklarast med Studentparlamentet på førehand
    • Ver obs på aktivitetar som kan utløyse brannvarslar innandørs, som t.d. vaffelsteiking.