Studentrådgjevarar
Studentrådgjevarane Sigbjørn og Eli Anne har kontor på Studentsamskipnaden i Volda, og vil gjerne at du tek kontakt om du treng nokon å snakke med.
Tenesta er gratis, og samtala blir mellom deg og rådgjevaren.
Vanlege tema:
- Studentlivet og korleis meistre det.
- Strukturering av dagane, motivasjon til å studere.
- Einsemd, vanskar med å finne deg til rette.
- Studiestaden Volda og moglegheitene der.
- Lese- og skrivevanskar, konsentrasjonsvanskar.
- Stress.
- Relasjonar til vener og familie.
- Sortering av tankar og følelsar.
Studentrådgjevar Sigbjørn Melvær
Kontortid: Måndag - fredag kl 09.00 - 15.00.
E-post: sigbjorn@sivolda.no
Mobil: 992 37 98
Studentrådgjevar Eli Anne Løksa
Kontortid: Måndag - fredag kl 09.00 - 15.00
E-post: eli@sivolda.no
Mobil: 992 37 980
Studentsamskipnaden i Volda
Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) er til for at du skal ha ein så trygg og effektiv studiesituasjon som mogleg. SiVolda er ein service- og velferdsorganisasjon for alle studentar i Volda.
- Les meir om Rådgjevingsteneste for studentar
- SiVolda på Instagram | Facebook