Bachelor- og masteroppgåver
Alle bachelor- og masteroppgåver ved Høgskulen i Volda skal leverast i Inspera: https://hivolda.inspera.no/. Studentar loggar inn med Feide-brukar, som er same innlogging som i Canvas. Mappa opnar for innlevering éi veke før fristen. Vi rår til at du nyttar Google Chrome som nettlesar for å gjennomføre eksamen.
Om ikkje anna er informert om i emneplanen, skal alle innleveringar bestå av kun éi PDF-fil, som vil seie at eventuelle vedlegg må leggast inn i same dokumentet som resten av oppgåva.
Alle studentar pliktar å setje seg inn i regelverket knytt til eksamen og fusk.
Merk at det er eigne reglar for antal forsøk på bachelor- og masteroppgåver, les meir om det her.
Tekniske forhold ved eksamensavviklinga
Alle tekniske forhold ved eksamensavviklinga, slik som til dømes svikt i studenten sitt tekniske utstyr eller ustabil/manglande tilgang til Internett, er studenten sitt ansvar. Andre forhold som har ført til forseinkingar i eksamensavviklinga og som kan dokumenterast, kan gi grunnlag for utsetjing av fristen. Studieadministrasjonen er ansvarleg for handsaminga av slike søknadar.
Om du ønskjer å teste Inspera før du skal ha eksamen, kan du ta «Demo hjemmeeksamen (utan Safe Exam Browser)» her.
Sitat- og kjeldebruk
Ved bachelor- og masteroppgåver gjeld same reglar for sitat- og kjeldebruk som ved andre innleveringar og eksamenar ved høgskulen. Les meir om dette her. Vi nyttar plagiatkontroll på alle digitale innleveringar og eksamenar ved Høgskulen i Volda.
For meir om sitat- og kjeldebruk, sjå nettsida Skrive og referere og Kildekompasset.
Oppgåvemal
Informasjon om krav til form og innhald er å finne i studie-/emneplan og Canvas.
Malen har forslag til skrifttype, storleik, overskriftsstilar m.m., men du kan sjølvsagt overstyre desse i tråd med eigne krav/ønskjer.
Dette er ein mal for heile oppgåva, ikkje berre ei framside, så det er tilrådeleg at du skriv oppgåva i malen. Om du allereie har skrive oppgåva, anbefalast at du limer inn dei forskjellige seksjonane (forord, samandrag, abstract, brødtekst (kapitlane) osv.) ein og ein. Om du berre set inn oppgåvemalen som ei «framside», kan du oppleve at stilar og utsjånad endrar seg i oppgåva di.
Malen kan du laste ned her:
Oppgåvetittel
Før innleveringsfristen går ut, må du legge inn oppgåvetittelen i Studentweb. Når du loggar inn i Studentweb, får du opp «Komande hendingar» med opplista emnekoder. Registrer tittel ved å trykke på blyanten som kjem fram til høgre for emnekoda. Tittel må skrivast på både norsk og engelsk. Tittel kjem på karakterutskrift, vitnemål og i biblioteket sitt BRAVO-system.
Publisering av oppgåver
Høgskulen i Volda oppfordrar studentane til å dele sine oppgåver i BRAVO. Det er viktig å synleggjere både master- og bacheloroppgåver, og det er nyttig både for andre studentar og forskarar å kunne lese dei. Som forfattar må du sette deg inn i dei følgjer ei tilgjengeliggjering via internett fører til, m.a. at andre nettstadar vil kunne lenkje til dokumentet.
Karakterkrav for å få oppgåva publisert er A, B eller C for masteroppgåver, og A eller B for bacheloroppgåver.
Om dokumentet eller deler av dokumentet inneheld fotografi, teikningar eller anna opphavsrettsleg beskytta materiale, må du som forfattar garantere at du har henta inn dei nødvendige løyve frå tredjepart på førehand. Du må kunne garantere at dokumentet ikkje inneheld materiale som kan stride mot gjeldande norsk rett eller inneheld lenkjer til slikt materiale.
Inneheld oppgåva di opplysningar som er dekkja av lovbestemt teieplikt skal du ikkje samtykke til publisering. Reglane om teieplikt er nedfelt i forvaltningsloven § 13.
Du melder frå om samtykke til publisering ved å sende e-post til samtykke@hivolda.no med følgjande informasjon: Namn, e-postadresse, emnekode og emnenamn, kandidatnummer, studentnummer, samtykke til publisering (Ja/Nei).
Samandrag (berre for masteroppgåver)
Masteroppgåva skal inkludere eit samandrag på om lag 200-400 ord, med mindre anna er spesifisert av emneansvarleg. Samandraget skal vere på både norsk og engelsk, og skal plasserast først i oppgåva (etter framsida).
Finn du ikkje informasjonen du treng?
Kontakt Studentsørvis:
70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no
eller kom innom i opningstida:
måndag-fredag kl. 08.00-15.00
Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset